På Eliaden 2022 lanserer Østerbø det nye servicekonseptet sitt som har fått namnet Sørvis med stor Ø. I hovudsak gjeld dette oppfølging av strømaggregat bedrifta har i drift rundt i heile Noreg.
– Dette er del av eit prosjekt vi har hatt i det siste med å sette oppfølging og kundetryggleik i system for å sikre litande løysing også i mange år etter kjøpet. Kontinuerleg drift er ein viktig del av reservekraft så dette er noko vi satsar på, seier Magne Halland, leiar for aggregatavdelinga i Østerbø. – Service, delesal og oppfølging har vi så klart alltid drive med, men no set me ting i nytt, betre og meir effektivt system med kundebehov som fokus.
Inkludert service
Det viktigaste Østerbø ynskjer å vidareføre med denne kampanjen er at du som kunde skal vere trygg.
– Me har no samarbeida med leverandøren vår, Himoinsa, i over 20 år og er trygge på strømaggregata dei leverer. Me veit at den samla leveransen vår står til litande løysing i kvalitet og pålitelegheit. Derfor har me valt å inkludere førstegongsservice som standard på alle nye strømaggregat, seier Halland.
Tydlegare tilbod med sørvispakkar
Østerbø har sortert sørvistilbodet i tre ulike pakkar, frå den som berre ønsker tilsendt rett delar til rett tid til den som vil ha full pakke med alt av delar og service-arbeid inkludert.
For dei som teiknar avtale får dei tryggheit i at me alltid har kritiske servicedeler på lager til maskiner som er omfatta av avtalen.
Østerbø ynskjer å hjelpe kunden med å vedlikehalde strømaggregatet sitt slik at det varer lengst mogleg og virkar som det skal når det trengs. Og ikkje minst legg Østerbø alt til rette for at kunden skal imøtekomme produsenten sine krav til drift, vedlikehald og garantibetingelsar. – Østerbø ynskjer å vere kunden sin støttespelar og hjelpar, seier Halland.
Ei avtale belønnar trufaste kundar, ein oppnår rabattar på materiell, tilgang til 24/7-support, service-rapportar, oppfølging av garanti, alltid inkludert førstegongsservice osv.
Serviceteam og 24/7-support
Østerbø har ein stor stab med erfarne og godt kvalifisert personell i alt frå prosjektering, support, feilsøking og reparasjon.
– Me er der for kunden, om dei treng delar og nytt utstyr, eller om dei treng ein serviceteknikar på plass. Me dekker heile landet heile døgnet. For å auke tryggheita ytterlegare for dei med kritiske og sårbare anlegg har me no 24/7 support-telefon. Du skal alltid få hjelp hos Østerbø til reservekraftanlegget ditt. Me gir deg tryggheit og litande løysing, det er det som er Sørvis med stor Ø, avsluttar Halland.
God stemning på Eliaden
Karane våre på standen på Eliaden kan melde om at respons og tilbakemeldiger på «Sørvis med stor Ø» frå kundar og andre besøkande har vore positiv. – Det er tydleg at folk verdset tryggheit, kompetanse og erfaring. Spesielt når ein får «Sørvis med stor Ø» utan at det kostar ekstra, rapporterer dei.
Vil du vite meir eller få eit tilbod?