Arbeidsleiar felt – PE-systemer

nov 19, 2026

Arbeidsleiar felt – PE-systemer

Har du jobba nokre år som montør eller plastsveisar, og kjenner at du vil ta meir ansvar, utan å gi slepp på det praktiske arbeidet? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Vi jobbar med PE-system til mellom anna landbasert oppdrett, lukka merdsystem og vassforsyning. No ser vi etter ein arbeidsleiar som kan ta ansvar for den daglege gjennomføringa ute på anlegget.

Dette er ei praktisk rolle der du kombinerer arbeidsleiing, montasje og plastsveising med oppfølging av framdrift, kvalitet, HMS og dokumentasjon. Du blir eit viktig bindeledd mellom prosjektansvarleg og laget ute på anlegget.

Dette får du ansvar for

Du planlegg og koordinerer det daglege arbeidet saman med teamet, fordeler oppgåver og følgjer opp framdrifta. Samtidig er du sjølv ein del av det praktiske arbeidet.

Arbeidsoppgåvene dine blir blant anna:

  • Leie og koordinere monteringsarbeid på anlegg
  • Planleggje arbeidsdagen og fordele oppgåver i teamet
  • Følgje opp framdrift og kvalitet
  • Utføre plastsveising av PE-røyr og PE-plater (speil-, muffe- og ekstrudersveising)
  • Følgje opp sveisedokumentasjon og sporbarheit
  • Sikre at HMS- og kvalitetskrav blir følgde
  • Ha tett dialog med prosjektansvarleg og andre fag
  • Delta på monterings- og serviceoppdrag rundt om i landet
PE-rør blir lasta ombord i båt
Sveis av rør

Kven er du?

Vi ser etter deg som har praktisk erfaring frå felt og som trivst med å ta ansvar. Du likar å få folk til å jobbe godt saman, samtidig som du sjølv ikkje er redd for å ta i eit tak.

Vi ser gjerne at du: 

  • Har fagbrev innan industrirøyrlegging, plastmekanikarfaget eller anna relevant fag
  • Har nokre års erfaring frå montasje, røyrarbeid eller PE-system
  • Har erfaring med, eller interesse for, plastsveising
  • Gyldig sveisesertifikat etter NS-EN 13067 og/eller NS 416-1 er ein fordel
  • Likar å ta ansvar og skape god framdrift i laget
  • Kommuniserer godt på norsk (engelsk er ein fordel)
  • Har førarkort klasse B

Har du ikkje formell utdanning, men solid erfaring og kan faget? Då vil vi likevel gjerne høyre frå deg.

    Kvifor velje oss?

    Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kan utvikle deg vidare og ta meir ansvar, utan å måtte gi slepp på det praktiske arbeidet.

    • 100 % fast stilling
    • 12/16-rotasjon ved større prosjekt
    • Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø
    • Korte vegar til avgjerder
    • Velutstyrt arbeidsbil
    • Variert arbeid med leiing, montasje og plastsveising
    • Konkurransedyktige vilkår
    • Varierte prosjekt og oppdrag i heile landet

    Du er knytt til hovudkontoret på Østerbø, men jobbar i stor grad ute på prosjekt.

    Arbeidsbilar Østerbø

    Interessert?

    Klar for å ta steget vidare, eller berre nysgjerrig på stillinga? Send oss ein kort søknad og CV, eller ta kontakt for ein uformell prat.

    Martin Lio

    Martin Lio

    Prosjektansvarleg plast

    Dalen

    M: +47 938 42 637

    E: martin@osterbo.no

    Send søknad og cv til: linda@osterbo.no

     

    Søknadsfrist: snarast, søknader blir vurdert fortløpande

    Østerbø Solutions

    litande løysingar sidan 1977

    Vi har snart 50 års erfaring frå mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og rørsystem, og er ein betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innan akvakultur, industri og det offentlege.

     

    Selskapet har i dag ca 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har hovudkontor på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og Sløvåg. Velkommen med på laget

    Korleis jobbar vi?

    I botn for arbeidet vi gjer ligg fire kjerneverdiar  som seier litt om korleis vi jobbar oss i mellom og mot deg som kunde for å kvar dag levere litande løysingar.

    Engasjert

    Med engasjert meinar vi å «vere på», bry seg

    Vi kjem med innspel, viser interesse og er løysingsorienterte

    Dette er måten vi arbeider på

    Lojal

    Med lojal meinar vi at vi er til å stole på og dette gir oss eit tydeleg «VI» meir enn «EG»

    Respekt

    Med respekt meinar vi måten vi møter andre på

    Vi lyttar, viser forståing og er imøtekommande

    Gjennomført

    Med gjennomført meinar vi at vi er tru mot verdiane våre

    Dette syner att i haldningane og handlingane våre

    Vi gjer som vi seier, og står for det vi har sagt