Med nesten ei dobling i omsetning frå 2021 frå 89 til 160 millionar, positivt resultat og god lønsemd, kan Østerbø Maskin sjå tilbake på eit godt år i 45-årsjubileet – Det er flott å sjå at hardt arbeid lønnar seg, seier adm.dir. Richard Cornell, – Vi har bygd eit solid lag og snudd utviklinga.
Fusjon og auke
I 2022 vart Meland Elektro fusjonert inn i Østerbø Maskin og dette forklarar litt av veksten. Men tala viser ei mykje større auke enn denne endringa åleine. – Dette viser at vi har klart å nytte synergiane i å skape ein større fellesskap. Alle tre forretningsområda våre, plast og metall, elektro og automasjon og reservekraft, leverer positivt resultat og gir oss fleire solide bein å stå på, fortel Cornell.
Østerbø har jobba målretta med serviceavtaler til næringskundar på elektro og automasjon. Profesjonalisert ettermarknaden med innføring av «Sørvis med stor Ø». Østerbø leverer også godt på reservekraft som ein av landets leiande aktørar. Plast og metall har dei siste åra hatt fleire store oppdrag spesielt for havbruk og landbasert oppdrett.
Solid grunnlag
– Vi har rett og slett tatt eit steg tilbake med systematisk og målretta jobbing med strategi i dei tre forretningsområda våre. Slik har vi bygd ein sterk grunnmur og profesjonalisert drifta vår. Dermed er vi no rigga for vidare utvikling og vekst på ein heilt anna måte enn tidlegare, seier Cornell, – og ikkje minst så har dei tilsette stått på og levert litande løysingar, som tross alt er det vi lever av.
Fortset veksten i 2023
Men som alltid har gjengen i Østerbø blikket først og fremst retta framover og er no mest fokusert på at den positive utviklinga også er med inn i 2023. Richard Cornell kan no overlevere stafettpinnen til ny adm.dir. Ketil Tømmernes etter tre spennande år i Østerbø. Ketil nyttar høve til å minne om at Østerbø akkurat no har fleire ledige stillingar ute viss fleire er interessert i å vere med på laget.