Landbasert oppdrett – samarbeid for å skape

7. januar 2019

Landbasert oppdrett – samarbeid for å skape

– Sogn Aqua kom til oss med ein visjon om verdas største landbaserte kveiteoppdrett. I samarbeid har vi omsett dette til praksis. Det er flott å no sjå anlegget i drift i Ortnevik, seier dagleg leiar Steinar Holen hos Østerbø Maskin AS.

Østerbø Maskin AS har vore totalentreprenør på utbygginga i Ortnevik. – Vi har utvikla løysinga i samarbeid med Sogn Aqua, og kosar oss på jobb med slike utfordringar, seier Holen. Anlegget til Sogn Aqua kan levere ein tredjedel av årsproduksjonen i Noreg når det kjem i full drift.

Det har og vore viktig å bygge det av naturlege, fornybare og resirkulerte materiale for å minimere miljøavtrykket. – Dette har vore eit veldig spennande nybrottsarbeid der det er høgteknologi både over og under overflata, fortel Holen. Det ligg eit avansert røyrsystem i botn som hentar djupvatn frå Sognefjorden opp i anlegget for optimale forhold for kveita.

«Østerbø fann gode løysingar på utfordringar vi møtte undervegs i prosessen. Ein god sparringpartner i utviklingsarbeid. Dei leverer alltid» 

Jan Arne Brekke

Dagleg leiar, Sognaqua

Om Sogn Aqua

Produserer høgkvalitets kveite under merkenamnet Glitne. Dei har landbaserte anlegg i Slantevik og Ortnevik langs Sognefjorden. Har visjon om å bli Noregs største på oppdrett av kveite. Har ein bærekraftig grunntanke.

Kontakt oss for ein prat

Jens A. S. Brekke

Jens A. S. Brekke

Teknisk teiknar

Østerbø, Sløvåg

M: +47 48 16 17 22

E: jens@osterbo.no

Steinar Holen

Steinar Holen

Leiar produkt og produksjon

Østerbø

M: +47 48 16 17 23

E: steinar@osterbo.no

Sentralbord

Sentralbord

Østerbø

M: + 47 48 16 17 18

E: om@osterbo.no