Er du vår nye drivande dyktige elektrikar eller automatikar klar for nye utfordringar?
Grunna auka oppdragsmengde innan nybygg, bustad og industri søkjer vi nye tilsette til arbeid i Meland-området.
Arbeidsoppgåver
- Utføring av elektro-/automasjonsinstallasjonar
- Sikre at arbeid blir gjennomført på eit høgt fagleg nivå, til rett pris og rett tid
- Energieffektivisering
- Automasjon
- Installasjon av alarm og sikkerheitsanlegg
- Service og feilsøking
Bakgrunn og kompetanse
- Fagbrev som elektrikar eller automatikar
- Gjerne erfaring frå bygg- og bustadinstallasjon
- Førarkort kl B
- God skriftleg og munnleg norsk og engelsk

Vi tilbyr
- Spennande stilling med stor moglegheit til å påverke retning og utvikling av Østerbø si elektrosatsing
- Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
- Oppmøtestad avd. Meland
Kontakt oss
3 faste 100% stillingar
Søknadsfrist: 1. september, søknader blir vurdert fortløpande


Kanskje er du også interessert i desse jobbane:
Ledig stilling: Industrielektrikar/automatikar – Mongstad
Vi har inngått avtale med PSW Technology om leveranse av vedlikehald innan elektriske og...
Ledig stilling: arbeidsleiar mekanisk/plast
Er du ein erfaren montør med mekanisk/plast-bakgrunn som ønskjer å ta det neste steget i...
Om Østerbø Maskin
Østerbø Maskin har over 45 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa, elektroinstallasjon og elektromekanisk produksjon.
Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.
Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!