Ledig stilling: Mekanikar

18. februar 2021

Ledig stilling: Mekanikar

Vi søker ein serviceinnstilt og ansvarleg mekanikar til verkstaden på Østerbø. Du skal ta del i bygging av produkt, samt utføre vedlikehald og service.

I Østerbø jobbar vi mykje mot havbruk og industri og har eit sterkt tverrfagleg elektromekanisk fagmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte. Vi jobbar tett med faste kundar og ønsket vårt er å tilpasse produktet i lag med dei. Vi skreddarsyr litande løysningar, så hos oss kan du komme borti dei verkeleg unike og spesielle prosjekta.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utføre mekanisk service og produktvedlikehald både på verkstad og hos kunde
  • Reise ut på monterings- og serviceoppdrag
  • Bygge utviklingsprosjekt – frå prototype til ferdig leveranse

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Fagbrev innan mekaniske fag (relevant praksis kan vege opp for manglande utdanning)
  • Automatikarar, elektromontørar og industrirørleggarar med kompetanse på mekanisk er og velkomne til å søke
  • Førarkort kl BE
  • Sertifikat for truck og traverskran er ein fordel
  • Ønskeleg med erfaring og interesse for hydraulikk og pumper
  • Flytande norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er kreativ og god på utvikling og gjennomføring av større og mindre prosjekt
  • Du er fagleg initiativrik og ansvarsbevisst
  • Du har god samarbeidsevne, men evner og å arbeide sjølvstendig
  • Du er positiv og pålitelig
  • Du er strukturert og opptatt av gode system, kjennskap til LEAN ein fordel

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling
  • Konkurransedyktig løn
  • Arbeidsstaden blir Østerbø
  • Velutstyrt verkstad, nytt administrasjonsbygg og kantine
  • Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
  • Stillinga inngår i mogleg kommande vaktordning

​Velkommen som søkjar til mekanisk stilling i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida. Vi hjelper til med bustad osv. om det trengs

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Mathijs van der Veldt

Mathijs van der Veldt

Produksjonsansvarleg

Kontakt meg om: Verkstadoppdrag, produksjon

adresseØsterbø

telefon 48 16 17 30

mathijs@osterbo.noe-post

Steinar Holen

Steinar Holen

Leiar produkt og produksjon

Østerbø

M: +47 48 16 17 23

E: steinar@osterbo.no

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no. innan 6. april

Om oss

Østerbø Maskin er ein del av Østerbø Gruppa AS. Ein god og trygg arbeidsplass i levande lokalmiljø med andre interessante bedrifter som naboar både i Sløvåg og på Østerbø. Vi er leverandør av litande løysingar innan strømaggregat, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Gruppa har i dag omlag 50 tilsette med sterk fleirfagleg ‘kompetanse. Velkommen med på laget!