Litande nødstrøm til nye Haraldsplass Diakonale Sykehus

27. september 2018

Litande nødstrøm til nye Haraldsplass Diakonale Sykehus

Nye Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen har trygg, toppmoderne løysing for nødstrøm frå Østerbø Maskin AS. 

Nødstrøm

– Dette har vore eit viktig prosjekt for oss, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø. – Nødstrøm på helseinstitusjonar stiller strenge krav til responstid, levering, støy og vibrasjon. Her er det avgjerande for liv og helse at alt fungerar som det skal til ei kvar tid.

Magne Halland
Magne Halland

1 500 hk og 24 000 kWh i døgnet

Leveransen er eit Himoinsa aggregat på 1 260 kVA med Mitsubishimotor på over 1 500 hk som kan forsyne sjukehuset med over 24 000 kWh i døgnet. Anlegget leverer strøm til sjukehuset på under 15 sekund ved feil på forsyningsnettet.

Haraldsplass installasjon
Frå Installasjonen: Kraning av strømaggregat inn i bygget

kVA

hk

kW i døgnet

Komplett anlegg

Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet.
– Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av verdas største produsentar av strømaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for sjukehuset og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid. Vi gratulerer Haraldsplass Diakonale Sykehus med nytt og flott sengebygg! avsluttar Halland.

Haraldsplass illustrasjon
Slik blir det nye sengebygget, illustrasjon: Haraldsplass Diakonale sykehus
Nødstrømsanlegget