Østerbø har levert og installert 3×3 Strømaggregat på betongflåtar til havbruk. Leveransen er gjennom Endúr Sjøsterk til Nordlaks.
År
2019
Sluttkunde
Nordlaks
Kapasitet
3×45 kVA, 6×200 kVA
Frå venstre: Arve Søreide – salsleiar aggregat Østerbø Maskin AS, Per Bessesen – produksjonsleiar Endúr Sjøsterk, Frode Johansson – prosjektleiar Endúr Sjøsterk
Strømforsyning til tre flåtar
Leveransen er ni strømaggregat i støydempa kapsling. Kvar flåte har fått installert to store aggregat samt eitt lite til nattdrift. Dyktige fagfolk frå Østerbø har jobba hardt siste vekene før påske for å få alt klart med installasjon og avkastkanalar.
– Sjekk dei nydelege detaljane i metallarbeidet, seier salsleiar aggregat Arve Søreide hos Østerbø Maskin AS, mens han viser oss rundt. – Strømforsyning til havbruk er noko vi likar å jobbe med. Akkurat denne installasjonen er ei løysing som er dimensjonert for det variable forbruket vi ser slike forflåtar har. Meir om slik dimensjonering kan du lese her >>
Det er tre slike betongflåtar som no får strømaggregat frå Østerbø
Stor og viktig jobb
Leveransen frå Østerbø på kvar flåte er 1 x 45 kVA og 2 x 200 kVA strømaggregat frå Himoinsa, samt installasjon av aggregat og avkastkanalar, eksos og diesel ombord i flåtane. Strømaggregata er sett i synk og vekslar saumlaust alt etter strømbehovet til flåten, både mellom aggregata og eventuell landstrøm. – Dette er eit prosjekt med ein verdi på fleire millionar, så det seier seg sjølv at dette er ein viktig jobb for Østerbø. Berre i arbeidstimar passerar vi nok tusen timar. Vi takkar så mykje for tilliten og gratulerer Nordlaks Produkter AS med tre flotte nye flåtar frå Endúr Sjøsterk AS, avsluttar Søreide.
Kontaktperson hos Østerbø
Andre saker du kanskje er interessert i
HGY – ny serie strømaggregat frå Himoinsa
HIMOINSA lanserer HGY-serien, ein ny generatorserie tilpassa for kritiske sektorar som datasenter og helsevesen. Strømaggregat som kan levere opp til 3500 kVA driven av Yanmar-motorar. Serien støttar oppgradering til drivstoff som HVO, gass og hydrogen, og er utvikla...
Lanserer «Sørvis med stor Ø»
På Eliaden 2022 lanserer Østerbø det nye servicekonseptet sitt som har fått namnet Sørvis med stor Ø. I hovudsak gjeld dette oppfølging av strømaggregat bedrifta har i drift rundt i heile Noreg. - Dette er del av eit prosjekt vi har hatt i det siste med å sette...
Østerbø på Eliaden 2022
Møt oss på Eliaden 31. mai - 2. juni 2022 på NOVA Spektrum Lillestrøm. Stand E02-08. På messa treff du delar av aggregatgjengen som kan vise tilbodet vårt innan reservekraft. Med seg har dei også lansering av den nye serviceløysinga vår "Sørvis med stor Ø". Meir om...