Ni strømaggregat til fórflåtar

8. mai 2019

Ni strømaggregat til fórflåtar

Østerbø har levert og installert 3×3 Strømaggregat på betongflåtar til havbruk. Leveransen er gjennom Endúr Sjøsterk til Nordlaks.

År

2019

Sluttkunde

Nordlaks

Kapasitet

3×45 kVA, 6×200 kVA

Arve Søreide, Per Bessesen, Frode Johansson

Frå venstre: Arve Søreide – salsleiar aggregat Østerbø Maskin AS, Per Bessesen – produksjonsleiar Endúr Sjøsterk, Frode Johansson – prosjektleiar Endúr Sjøsterk

Strømforsyning til tre flåtar

Leveransen er ni strømaggregat i støydempa kapsling. Kvar flåte har fått installert to store aggregat samt eitt lite til nattdrift. Dyktige fagfolk frå Østerbø har jobba hardt siste vekene før påske for å få alt klart med installasjon og avkastkanalar.

– Sjekk dei nydelege detaljane i metallarbeidet, seier salsleiar aggregat Arve Søreide hos Østerbø Maskin AS, mens han viser oss rundt. – Strømforsyning til havbruk er noko vi likar å jobbe med. Akkurat denne installasjonen er ei løysing som er dimensjonert for det variable forbruket vi ser slike forflåtar har. Meir om slik dimensjonering kan du lese her >>

Fórflåte Endúr

Det er tre slike betongflåtar som no får strømaggregat frå Østerbø

Stor og viktig jobb

Leveransen frå Østerbø på kvar flåte er 1 x 45 kVA og 2 x 200 kVA strømaggregat frå Himoinsa, samt installasjon av aggregat og avkastkanalar, eksos og diesel ombord i flåtane. Strømaggregata er sett i synk og vekslar saumlaust alt etter strømbehovet til flåten, både mellom aggregata og eventuell landstrøm. – Dette er eit prosjekt med ein verdi på fleire millionar, så det seier seg sjølv at dette er ein viktig jobb for Østerbø. Berre i arbeidstimar passerar vi nok tusen timar. Vi takkar så mykje for tilliten og gratulerer Nordlaks Produkter AS med tre flotte nye flåtar frå Endúr Sjøsterk AS, avsluttar Søreide.

Strømaggregat i forflåte

 

 

Kontaktperson hos Østerbø

Arve Søreide

Arve Søreide

Salsansvarleg aggregat agentur

Østerbø

M: +47 48 16 17 24

E: arve@osterbo.no

Sentralbord

Sentralbord

Østerbø

M: + 47 48 16 17 18

E: om@osterbo.no

Andre saker du kanskje er interessert i

Ledig stilling: Lærling industrimekanikar

Ledig stilling: Lærling industrimekanikar

Vil du bli med oss og gi Noreg litande reservekraft? No har du moglegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar av reservekraft og sikker strømforsyning. Vi søkjer ein serviceinnstilt og ansvarleg lærling til reservekraftteamet vårt...

Lanserer «Sørvis med stor Ø»

Lanserer «Sørvis med stor Ø»

På Eliaden 2022 lanserer Østerbø det nye servicekonseptet sitt som har fått namnet Sørvis med stor Ø. I hovudsak gjeld dette oppfølging av strømaggregat bedrifta har i drift rundt i heile Noreg. - Dette er del av eit prosjekt vi har hatt i det siste med å sette...

Østerbø på Eliaden 2022

Østerbø på Eliaden 2022

Møt oss på Eliaden 31. mai - 2. juni 2022 på NOVA Spektrum Lillestrøm. Stand E02-08. På messa treff du delar av aggregatgjengen som kan vise tilbodet vårt innan reservekraft. Med seg har dei også lansering av den nye serviceløysinga vår "Sørvis med stor Ø". Meir om...