År
2018
Sluttkunde
Datafjellet AS
Kapasitet
2×645 kVA
10 år med datasenter i fjellhall
Datafjellet leverer sikker infrastruktur og skreddarsydde datarom til kundar som ønskar full kontroll over tilgong til eige utstyr og oppbevaring av eigne data. Det er plassert i ein fjellhall frå krigens dager på hemmeleg adresse i Bergensområdet. Gjennom over 10 år har dei levert kundane trygg og sikker lagring og drift av it-system.
Trygg med nødstrøm frå Østerbø
For å sikre kundane trygg, avbrotsfri leveranse er det viktig med kontinuerleg straumtilgong. Her kjem nødstrøm frå Østerbø inn i bilete. – For oss var det viktig med ein lokal leverandør for god oppfølging, rask, service og tilstedeværelse ved behov, fortel Rune Toresen, dagleg leiar i Datafjellet AS, – Strømaggregata er kritiske for drifta vår, og då er vi avhengige av serviceavtale med lokal leverandør for kort responstid. Det var og viktig med ein leverandør som kunne levere komplett løysing for enkel implementering og drift.

Strømaggregata i lyddempa kapsling tåler godt vestlandsvér – Med to strømaggregat er vi sikra full redundans på to separate strømkursar utan reduksjon i ytelse om ein kurs skulle falle bort, seier Toresen. Foto: Datafjellet AS
To strømaggregat for ekstra tryggleik
Strømaggregata sikrar drift av heile anlegget som inkluderer sjølve datasenteret med serverpark og nettverk, i tillegg til infrastruktur som kjøleanlegg, UPS-ar, overvakingssystem etc. – Med to strømaggregat er vi sikra full redundans på to separate strømkursar utan reduksjon i ytelse om ein kurs skulle falle bort, seier Toresen.
– Til Datafjellet har vi levert 2×645 kVA Himoinsa-aggregat montert i lyddempa kapsling, seier salsleiar aggregat Arve Søreide hos Østerbø Maskin AS. – Datasenter er ein interessant bransje å jobbe med der det er høge krav til leveransen og det er vi absolutt klare til å levere på. Søreide takkar Datafjellet så mykje for tilliten og ser fram til eit fortsatt godt samarbeid.
– Vi har vore svært fornøgd med Østerbø som leverandør av våre aggregat i alle åra vi har vore i drift, avsluttar Toresen.

– For oss var det viktig med ein lokal leverandør for god oppfølging, rask, service og tilstedeværelse ved behov, fortel Rune Toresen, dagleg leiar i Datafjellet AS. Foto: Datafjellet AS
Kontaktperson hos Østerbø


Andre saker du kanskje er interessert i
Ni strømaggregat til fórflåtar
Østerbø har levert og installert 3x3 Strømaggregat på betongflåtar til havbruk. Leveransen er gjennom Endúr Sjøsterk til Nordlaks. År 2019 Sluttkunde Nordlaks Kapasitet 3x45 kVA, 6x200 kVA Frå venstre: Arve Søreide - salsleiar aggregat Østerbø Maskin AS, Per Bessesen...
Reservekraft til Sola rådhus
Arbeidet med nytt rådhus i Sola kommune er godt i gong. No er reservekraftaggregatet frå Østerbø komme på plass. Leveransen er gjennom Kreatel AS til Sola kommune.År 2019 Sluttkunde Sola kommune Kapasitet 1x285 kVA Reservekraft sikrar tenester til barn og unge – Dette...
Første hybride løysing til Osland
Osland Stamfisk AS investerer no i den første hybride fôrflåten i Osland-konsernet. Løysinga er levert av Østerbø Maskin AS og Electro Automation Austevoll AS og går til Osland Stamfisk sitt anlegg på Skigelstrand, Rogaland. – Hybrid er den beste løysinga der...