Ny produksjonsleiar på Østerbø

3. juli 2020

Ny produksjonsleiar på Østerbø

Mathijs van der Veldt er ny produksjonsleiar på verkstaden på Østerbø. –  Vi er glade for at han tok jobben, Mathijs er ein dyktig mann. Det er viktig å sleppe ungdommen til, seier leiar mekanisk Steinar Holen.

Mathijs er 24 år og starta som mekanikar i Østerbø i haust, no stig han i gradene til produksjonsleiar. Saman med leiar mekanisk, Steinar Holen, og ein solid stab med fagfolk styrkar dei no satsinga på større prosjekt innan havbruk og industri. – Spesielt på sveis av store plastrør til havbruk har vi hatt mykje jobb siste tida. Det er ikkje så mange som har den typen spisskompetanse vi har på det området, avsluttar Mathijs.