Vann vaskekontrakt i Middelhavet med Østerbø Yanmar notvaskar

12. juni 2020

Vann vaskekontrakt i Middelhavet med Østerbø Yanmar notvaskar

Det er artig kva som kan komme ut av eit hyggeleg møte under havbruksmessa Aqua Nor i fjor, seier Even H. Søreide, dagleg leiar i Sordal Mediterranean Aqua Service. Nokre månadar på etterskot grunna koronastengte grenser er dei no i gang med vasking av oppdrettsnøter hos havbrukskunde ved Middelhavet.

Krav om Østerbø Yanmar vaskar

Havbrukskunden deira hadde allereie ein eigen Yanmar notvaskar og ønska at same vaskesystem vart nytta i tildelt vaskekontrakt.

Kunden har valgt Yanmar systemet blant anna fordi det vaskar svært effektivt på lågt trykk som gir minimal slitasje på not og eit lågt støybilete under vatn. Her i Middelhavet har dei ikkje laks og aure som i Norge, men sydhavsfiskane sea bass, sea bream og meagre, som er noko meir ømfintleg mot lyd. Kombinasjonen med kun 6 store dyser og tre større thrustere er nøkkelen til låg støy og god fiskehelse.

Full pakke og opplæring

Østerbø har levert full pakke som inkluderar vaskar, slangetrommel, eigenprodusert høgtrykkspumpe og spesialbygd styrekontainar.

Kim Andre Eidé frå Østerbø deltok under oppstart på lokasjon for å sikre god igangkøyring og gi opplæring til mannskapet frå Sordal.

God erfaring innan havbruk

Even B. Søreide

Even H. Søreide er er i gong med notvask i Middelhavet med Østerbø Yanmar notvaskar.

Even H. Søreide driv og Sordal Aqua Service som opererer i Noreg. Dei leverer tenester til havbruksnæringa langs kysten frå Trondheim i nord til Flekkefjord i sør. – Erfaringane frå den norske marknaden gjer at vi no har stor tru på å lukkast i Middelhavet og, seier han.

Meir informasjon

Kontakt Kim Andrè Eide: kim@osterbo.no

Meir om Østerbø Yanmar Notvaskar  >>

Trygg og smart notvask >>