Kvalitet, HMS og miljø

Ei litande løysing handlar like mykje om KORLEIS vi gjer jobben som produktet vi leverer.

Lær om HMS-arbeidet vårtKontakt oss

Om oss / hms

KVALITET

Vi følgjer gjeldande krav og standardar, kontrollerer arbeidet og dokumenterer det vi leverer.

HMS

Trygge arbeidforhold og førebygging av skadar

MILJØ

Mindre svinn, utslepp og belastning på naturen.

Frå plan til forbetring – slik jobbar vi

God planlegging, tydelege rutinar og kontroll undervegs gir færre feil og tryggare gjennomføring. Vi følgjer opp avvik og brukar erfaringane til å forbetre måten vi jobbar på.

Planlegg

Risiko, krav, mål

Utfør

Tydelege prosessar

Kontroller

Måling og avvik

Forbetre

Tiltak og læring

Verdiane våre er viktige i kvalitetsarbeidet

I botn for arbeidet vi gjer ligg fire kjerneverdiar  som seier litt om korleis vi jobbar oss i mellom og mot deg som kunde for å kvar dag levere litande løysingar.

Engasjert

Vi bryr oss om jobben vi gjer, ser etter risiko og tek initiativ til å gjere ting betre.

Lojal

Vi er til å stole på. Vi tek ansvar, følgjer opp det vi har avtalt og seier frå når noko ikkje er som det skal.

Respekt

Vi tek vare på kvarandre, lyttar til innspel og viser omsyn til menneske, miljø og omgjevnader.

Gjennomført

Vi gjer jobben skikkeleg, følgjer gjeldande krav og standardar og sørgjer for at kvaliteten kan dokumenterast.

Sveiselogg eksempel

Weldtrack – full kontroll på sveisen

Nye krav til sporing og dokumentasjon av plast krev gode løysingar. Difor har vi utvikla Weldtrack, vårt eige system for dokumentasjon og kvalitetskontroll av PE-sveising.

Kvar einaste sveis blir kontrollert og logga fortløpande. Det gir oss full oversikt og kundane dokumentasjon på at arbeidet er utført etter gjeldande standardar.

Ansvar i alle ledd

Ei litande løysing krev også ansvarlege samarbeidspartnarar.

Vi stiller krav til etisk forretningspraksis, menneskerettar, arbeidsforhold og miljø hos leverandørar og samarbeidspartnarar.

Gjennom aktsemdsvurderingar og leverandøroppfølging arbeider vi for å avdekkje og redusere risiko.

Østerbø Solutions på Østerbø

Miljøansvar i praksis

Vi arbeider for å redusere miljøpåverknaden frå verksemda vår. Det handlar mellom anna om:

  • Effektiv bruk av material og energi
  • Førebygging av plast- og granulatutslepp
  • Miljøomsyn ved innkjøp og val av løysingar

Gjennom arbeidet med PE-system legg vi særleg vekt på forsvarleg handtering av plast. Vi følgjer prinsippa i Operation Clean Sweep for å hindre at plastpartiklar kjem på avvege.

Sertifisert kvalitet

Østerbø Solutions er sertifisert etter ISO 9001 for kvalitetsstyring og ISO 14001 for miljøstyring.

Berekraft

Østerbø Solutions støtter FNs bærekraftsmål, og meiner at næringslivet har ein viktig rolle når det gjelder å nå disse

Vårt bidrag til FMs bærekraftsmål:

Vi streber alltid etter å være åpen om korleis vårt virke påvirker verden rundt oss, og vi ønsker å bidra til at vi sammen kan å nå måla. Vi veit at vi spiller ein rolle på tvers av flere mål, men vi trur våre tiltak vil ha størst effekt på de TRE måla som er framheva under.

Mål 5

Mål 5: likestilling mellom kjønna

Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like mulegheiter til leiende stillingar på alle nivåer der beslutningar tas, i det politiske, det økonomiske og det offentlege liv.

kontroll

Mål 7: Rein energi til alle

Innan 2030 styrke det internasjonale samarbeidet for å lette tilgangen til forsking og teknologi på området rein energi, inkludert fornybar energi, energieffektivisering og avansert og reinare teknologi for fossilt brensel, og fremme investeringar i energiintrastruktur og teknologi for rein energi.

Mål 9

Mål 9: Industri, innovasjon og infrastruktur

Innan 2030 oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, ned meir effektiv bruk av resursar og meir utstrakt bruk av reine og miljøvennlige teknologiformer og industriprosessar, der alle land gjer ein innsats etter eigen evne og kapasitet.

Kontakt oss

Sentralbord

Sentralbord

Østerbø

M: + 47 48 16 17 18

E: post@osterbo.no

Kathrine Molvik

Kathrine Molvik

COO

Frekhaug, Sløvåg, Østerbø

M: +47 926 03 289

E: kathrine.molvik@osterbo.no

ISO sertifisering
OCS logo

Kanskje er du og interessert i

Elektro & automasjon

PE-systemer

Reservekraft