Østerbø Maskin har inngått eksklusiv rammeavtale på levering av PE-rørsystem til dei semilukka merdene til Ecomerden. – Dei har solid kompetanse innan havbruk og er i stadig utvikling innan plast-segmentet. Så dette er eit samarbeid vi har trua på, seier dagleg leiar Jan Erik Kyrkjebø i Ecomerden AS.
Avtalen gjeld kjøp av PE-plastrør eksempelvis til rørledning for innsug og strømningskanal. Østerbø vil også ha prosjektansvar knytt til leveransen av desse PE-produkta. Avtalen er eksklusiv for lukka merdsystem og gjeld i første omgang i fem år.
– Vi er glade for å få på plass denne avtalen, seier adm. dir. i Østerbø Maskin AS, Richard Cornell, – Vi har trua på konseptet til Ecomerden med bruk av aluminium og plast i semilukka system. Med denne avtalen legg vi grunnlaget for auka og utvida samarbeid og tenesteyting etter å ha jobba saman i fleire år.
Han fortel at investering i nytt utstyr og kontinuerleg kompetanseheving av tilsette er nokon av tiltaka i satsinga på plast og rørsystem i Østerbø. Dei har siste åra utført fleire større leveransar av rørsystem både på land og til sjøs.
Om Østerbø Maskin og Ecomerden
Ecomerden AS utviklar, produserer og leverer lukka merdsystem for produksjon av postsmolt og matfisk. Østerbø Maskin AS leverer litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon.