Populær beitepussar på lager

8. april 2019

Populær beitepussar på lager

Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.

Fornøgde kundar i 10 år

– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.

Ta grep mot attgroing

– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.

Bakke-eksperten

Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.

Kontakt oss for eit godt tilbod

Øyvind Rømo

Øyvind Rømo

Delelageransvarleg Østerbø

Østerbø

M: +47 48 16 17 29

E: oyvind@osterbo.no

Helene Skjerlie

Helene Skjerlie

Lager- og logistikkmedarbeidar

Kontakt meg om: Delar, slåmaskiner

pinØsterbø

telefon48 16 17 36

e-posthelene@osterbo.no 

Delelager

Delelager

Østerbø og Sløvåg

M: +47 48 16 17 18

E: deler@osterbo.no

Litande nødstrøm til nye Haraldsplass Diakonale Sykehus

Litande nødstrøm til nye Haraldsplass Diakonale Sykehus

Nye Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen har trygg, toppmoderne løysing for nødstrøm frå Østerbø Maskin AS.  Nødstrøm - Dette har vore eit viktig prosjekt for oss, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø. - Nødstrøm på helseinstitusjonar stiller strenge krav...

les mer
Landbasert oppdrett: viktig med litande reservekraft

Landbasert oppdrett: viktig med litande reservekraft

Landbasert oppdrett er i framvekst og større anlegg treng meir straum. Med store verdiar i kara krev næringa stabile løysingar ein kan stole på. Østerbø Maskin AS er med på reisa til næringa og gjer nytte av lang erfaring med leveransar av strømaggregat som...

les mer
Reservekraft til øysamfunn og postsmoltanlegg

Reservekraft til øysamfunn og postsmoltanlegg

Denne veka har Østerbø Maskin AS to store installasjonar av reservekraftaggregat på gang. Leveransane består av tre store aggregat på til saman 4000 kVA. Dette tilsvarar forbruket til om lag 500 husstandar. Bulandet og Værlandet får trygg strøm Den eine installasjonen...

les mer