Populær beitepussar på lager

8. april 2019

Populær beitepussar på lager

Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.

Fornøgde kundar i 10 år

– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.

Ta grep mot attgroing

– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.

Bakke-eksperten

Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.

Kontakt oss for eit godt tilbod

Øyvind Rømo

Øyvind Rømo

Delelageransvarleg Østerbø

Østerbø

M: +47 48 16 17 29

E: oyvind@osterbo.no

Helene Skjerlie

Helene Skjerlie

Lager- og logistikkmedarbeidar

Kontakt meg om: Delar, slåmaskiner

pinØsterbø

telefon48 16 17 36

e-posthelene@osterbo.no 

Delelager

Delelager

Østerbø og Sløvåg

M: +47 48 16 17 18

E: deler@osterbo.no

Østerbø leverer nødstrømsanlegg til Florø lufthavn

Østerbø leverer nødstrømsanlegg til Florø lufthavn

Florø Lufthavn, foto: Kjetil Eggen CC BY-SA 4.0 - Dette er eit topp moderne anlegg med fjernstyring frå tårn og lavsiktsprosedyre, altså forsyner nett og strømaggregat banelysa ved dårleg sikt, seier Åge Østerbø, teknisk leiar hos Østerbø Maskin AS. Sjølve...

les mer
Østerbø Beitepussar: Heilt rå og svært populær

Østerbø Beitepussar: Heilt rå og svært populær

Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. - Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier delelagersjef...

les mer
Stillegående strømaggregat

Stillegående strømaggregat

Silent Plus serien frå HIMOINSA reduserer støyutsleppa utan å redusere ytelsen til maskina. Dei dekkar eit effektområde mellom 20 og 550 kVA og garanterer støynivå på rundt 60 dB ved 7 meter. Serien inkluderer generatorsett som brukar Stage IIIA-motorar frå Yanmar,...

les mer