Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.
Fornøgde kundar i 10 år
– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.
Ta grep mot attgroing
– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.
Bakke-eksperten
Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.
Kjøp i nettbutikk eller kontakt Øyvind
Kontakt oss for eit godt tilbod
Helene Skjerlie
Lager- og logistikkmedarbeidar
Mobil ladestasjon. Lading av elektriske maskiner
Med ein stadig større elektrisk maskinpark trengst det mobile ladestasjonar for å sikre trygg og god lading. Vi tilbyr lett transportable einingar for å sikre at utstyret kan operere utan avbrot på anleggsplassen. Unngå ladeproblem For å redusere karbonutslepp og...
Møt oss på Havexpo 2024
Snakkast vi på HAVEXPO i Bergen 6.-8. mai 2024? Velkommen innom stand A-103 for ein prat om sikker strømforsyning og smarte løysingar for bedrifta di. På standen vår blir du presentert litande løysingar innan reservekraft, batteri og hybride løysingar. Du får også sjå...
Ledig stilling: arbeidsleiar mekanisk/plast
Er du ein erfaren montør med mekanisk/plast-bakgrunn klar for å ta neste steg i karrieren? Østerbø Solutions søker serviceinnstilt og ansvarleg arbeidsleiar mekanisk/plast til satsinga vår på PE-plastsveis. Du skal leie arbeid på anlegg med oppfølging av arbeid,...