Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.
Fornøgde kundar i 10 år
– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.
Ta grep mot attgroing
– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.
Bakke-eksperten
Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.
Kjøp i nettbutikk eller kontakt Øyvind
Kontakt oss for eit godt tilbod
Helene Skjerlie
Lager- og logistikkmedarbeidar
Østerbø Maskin AS ISO-sertifisert
– Å få kvalitetssystemet vårt sertifisert i følge NS-EN ISO 9001 gir oss eit synleg bevis på at vi dagleg jobbar med slagordet vårt «litande løysing» i tankane, seier adm. dir. Richard Cornell i Østerbø Maskin AS. – Her har dei tilsette gjort ein stor innsats for å få...
Møt oss på Aqua Nor 2021
Vi deltek på Aqua Nor 24.-27. august i Trondheim. Møt oss på stand E-414, og slå av ein prat om reservekraft, rørsystem, notvask og litande løysingar. Følg med på https://aquanor.no for siste om gjennomføring og koronatiltak. Du treff oss og på den digitale...
Østerbø Maskin og Ecomerden inngår rammeavtale
Østerbø Maskin har inngått eksklusiv rammeavtale på levering av PE-rørsystem til dei semilukka merdene til Ecomerden. – Dei har solid kompetanse innan havbruk og er i stadig utvikling innan plast-segmentet. Så dette er eit samarbeid vi har trua på, seier dagleg leiar...