Arbeidet med nytt rådhus i Sola kommune er godt i gong. No er reservekraftaggregatet frå Østerbø komme på plass. Leveransen er gjennom Kreatel AS til Sola kommune.

År

2019

Sluttkunde

Sola kommune

Kapasitet

1×285 kVA

Reservekraft sikrar tenester til barn og unge

– Dette har vore eit kjekt prosjekt for oss, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin AS. – Reservekraft til det offentlege er noko vi likar å jobbe med og har lang erfaring med å finne gode løysingar på. Rådhuset vil innehalde mange tenester for innbyggarane. I tillegg til administrasjonen, vil helsestasjon, familiesenteret, ungdomsteam, PPT, barnevern og NAV vere å finne i dette bygget.

Om leveransen

Leveransen frå Østerbø er eit Himoinsa aggregat på 285 kVA med Doosan motor og Stamford generator. Anlegget startar automatisk opp og leverer strøm til rådhuset ved feil på forsyningsnettet. Like automatisk er og tilbakekoblinga ved stabilt nett.

Strømaggregat lyddempa

Kraning med stor presisjon under installasjon

Komplett reservekraftanlegg

Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg og kjølesystem for strømaggregatet.
– Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av Europas største produsentar av strømaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for rådhuset og levere den komplette pakken med prosjektering, installasjon og trygg oppfølging i ettertid, avsluttar Halland.

 

Om nye Sola Rådhus

Sola kommune sitt nye rådhus er under arbeid med planlagt ferdigstilling i desember 2019. Rådhuset vil vere arbeidsplass for 320 tilsette. Administrasjon, helsestasjon, familiesenteret, ungdomsteam, PPT, barnevern og NAV vil du finne i dette bygget. I tillegg blir det offentleg parkering under rådhusplassen.

Fakta:

  • Byggherre: Sola kommune
  • Arkitekt: Longva arkitekter AS
  • Hovudentreprenør: Consto Sør AS
  • Elektroinstallasjon:Kreatel AS
  • Leverandør reservekraft: Østerbø Maskin AS

Kontaktperson hos Østerbø

Magne Halland

Magne Halland

Leiar aggregat

Kontakt meg om: Strømaggregat

pinSløvåg

telefon941 87 931

e-postmagne@osterbo.no

Sentralbord

Østerbø

telefon48 16 17 18

brevsalg@osterbo.no

Andre saker du kanskje er interessert i

Vinn strømaggregat

Vinn strømaggregat

Vi feirar 20 år som Himoinsaforhandlar med å lodde ut eit strømaggregat på Facebook. Delta i konkurransen under

Vi kan no tilby Fjord Hybrid

Vi kan no tilby Fjord Hybrid

Aggregateksperten Østerbø Maskin og hybridspesialisten Fjord Maritime har inngått et samarbeid om hybridløysingar. - Vi ser ein aukande etterspørsel etter ei standardisert hybridløysing som kan komplettere våre litande løysningar, fortel Magne Halland i Østerbø...

Ni strømaggregat til fórflåtar

Ni strømaggregat til fórflåtar

Østerbø har levert og installert 3x3 Strømaggregat på betongflåtar til havbruk. Leveransen er gjennom Endúr Sjøsterk til Nordlaks. År 2019 Sluttkunde Nordlaks Kapasitet 3x45 kVA, 6x200 kVA Frå venstre: Arve Søreide - salsleiar aggregat Østerbø Maskin AS, Per Bessesen...