År
2019
Sluttkunde
Sola kommune
Kapasitet
1×285 kVA
Reservekraft sikrar tenester til barn og unge
– Dette har vore eit kjekt prosjekt for oss, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin AS. – Reservekraft til det offentlege er noko vi likar å jobbe med og har lang erfaring med å finne gode løysingar på. Rådhuset vil innehalde mange tenester for innbyggarane. I tillegg til administrasjonen, vil helsestasjon, familiesenteret, ungdomsteam, PPT, barnevern og NAV vere å finne i dette bygget.
Om leveransen
Leveransen frå Østerbø er eit Himoinsa aggregat på 285 kVA med Doosan motor og Stamford generator. Anlegget startar automatisk opp og leverer strøm til rådhuset ved feil på forsyningsnettet. Like automatisk er og tilbakekoblinga ved stabilt nett.

Kraning med stor presisjon under installasjon
Komplett reservekraftanlegg
Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg og kjølesystem for strømaggregatet.
– Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av Europas største produsentar av strømaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for rådhuset og levere den komplette pakken med prosjektering, installasjon og trygg oppfølging i ettertid, avsluttar Halland.
Om nye Sola Rådhus
Sola kommune sitt nye rådhus er under arbeid med planlagt ferdigstilling i desember 2019. Rådhuset vil vere arbeidsplass for 320 tilsette. Administrasjon, helsestasjon, familiesenteret, ungdomsteam, PPT, barnevern og NAV vil du finne i dette bygget. I tillegg blir det offentleg parkering under rådhusplassen.
Fakta:
- Byggherre: Sola kommune
- Arkitekt: Longva arkitekter AS
- Hovudentreprenør: Consto Sør AS
- Elektroinstallasjon:Kreatel AS
- Leverandør reservekraft: Østerbø Maskin AS
Kontaktperson hos Østerbø


Andre saker du kanskje er interessert i
Ni strømaggregat til fórflåtar
Østerbø har levert og installert 3x3 Strømaggregat på betongflåtar til havbruk. Leveransen er gjennom Endúr Sjøsterk til Nordlaks. År 2019 Sluttkunde Nordlaks Kapasitet 3x45 kVA, 6x200 kVA Frå venstre: Arve Søreide - salsleiar aggregat Østerbø Maskin AS, Per Bessesen...
Nødstrøm til datasenter
Strømaggregat frå Østerbø sikrar straumen til datasenteret Datafjellet AS i Bergen. År 2018 Sluttkunde Datafjellet AS Kapasitet 2x645 kVA 10 år med datasenter i fjellhall Datafjellet leverer sikker infrastruktur og skreddarsydde datarom til kundar som ønskar full...
Første hybride løysing til Osland
Osland Stamfisk AS investerer no i den første hybride fôrflåten i Osland-konsernet. Løysinga er levert av Østerbø Maskin AS og Electro Automation Austevoll AS og går til Osland Stamfisk sitt anlegg på Skigelstrand, Rogaland. – Hybrid er den beste løysinga der...