Strømaggregat: Stor suksess med jubileumstilbud

29. september 2020

Strømaggregat: Stor suksess med jubileumstilbud

Delar av service-gjengen klar til å rykke ut: Jetmund, Jostein, Lars-Åge og Pawel.

Østerbø feirar 20 år med Himoinsa-aggregat og gir gratis service med alle kjøp ut jubileumsåret 2020.

Litande løysing over tid

– Denne markeringa av jubileet har vore populær sidan oppfølging er ein viktig del av den litande løysinga rundt strømaggregat. Det å sikre kunden trygg og kontinuerleg drift er det vi jobbar med kvar dag, seier Lars-Åge Rasch serviceleiar i Østerbø. Han fortel vidare at ved å ha service er kunden føre var og får sjekka aggregatet skikkeleg og avdekka eventuelle feil før dei oppstår. Slik sparar kunden pengar på sikt og sikrar viktig oppetid.

Jubileumskampanje

Meir om jubileumskampanjen >>

Strømaggregat er viktig beredskap

Leiar for aggregat, Magne Halland, bekreftar at dette er eit tilbod som har slått an. – Vi har hatt godt sal sjølv i den spesielle tida vi er i. Strømaggregat er eit beredskapsprodukt. Og når krisene kjem nær er det mange som får auga opp for tryggleiken som ligg i å ha strømaggregat. I dagens samfunn er vi meir avhengige av straum enn nokon sinne.

Servicen skal vere best

Gjennom 20 år med Himoinsa og over 40 år totalt har Østerbø bygd seg opp til å bli ein solid totalleverandør av strømaggregat. Dei har levert strømaggregat frå bokstavleg talt den ytterste nøgne ø til langt inn i dei djupe skogar. – Eit viktig poeng når ein kunde kjøper aggregat så er dette ei investering i tryggleik. For å sikre at alt er i orden og klart den dagen ein treng det så er det stadig fleire som vel å inngå serviceavtaler, fortel Lars-Åge. 

Service-gjengen reiser rundt til sjukehus, oppdrettsanlegg, kommunar og andre kundar i heile landet. – I pandemien vi står i no har vi derfor gode rutiner for å sikre kundane trygg og kontinuerleg drift, fortel han.

Kontakt oss for ein aggregat-prat

Har du eit strømaggregat der lamper blinkar, oppdagar ulyd eller lekkasje? Då kontaktar du Lars-Åge for diagnose. Det er viktig å spør om hjelp i tide ;)

Lars-Åge Rasch

Lars-Åge Rasch

Serviceansvarleg

Sløvåg

M: +47 48 16 17 28

E:larsaage@osterbo.no

Magne Halland

Magne Halland

Leiar aggregat

Sløvåg

M: +47 48 16 17 08

E: magne@osterbo.no

Sentralbord

Sentralbord

Østerbø

M: + 47 48 16 17 18

E: om@osterbo.no