Trygg nødstrøm til Øygarden lokalmedisinske senter

14. mars 2019

Trygg nødstrøm til Øygarden lokalmedisinske senter

Sotra legevakt har no flytta inn i nybygget der kraftforsyninga er sikra med litande nødstrøm frå Østerbø Maskin AS. Offisiell opning av senteret er 29. mars 2019.

Nødstrøm – når liv og helse står i fare

– Dette har vore eit spennande prosjekt for oss, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø. – Nødstrøm på helseinstitusjonar stiller strenge krav til responstid, levering, støy og vibrasjon. Her er det avgjerande for liv og helse at alt fungerar som det skal til ei kvar tid.  

1 000 hk og 11 000 kWh i døgnet

Himoinsa Doosan aggregat

Installasjonen er eit Himoinsa-aggregat med Doosan-motor

Leveransen frå Østerbø er eit Himoinsa aggregat på 823 kVA med Doosanmotor på over 1 000 hk og Mecc-Alte generator som kan forsyne senteret med over 11 000 kWh i døgnet. Anlegget leverer strøm til det lokalmedisinske senteret på under 15 sekund ved feil på forsyningsnettet.

Desibelmåling

Vi jobbar aktivt med støyreduksjon for å gjere strømaggregat stadig meir stillegåande. Her målast låge 69,6 db ved eksosavkast

Dette er eit av 5 strømaggregat levert til «Helseparken» på Straume. Sjå meir om dei fire andre her >>

Komplett nødstrømsanlegg

Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet. – Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av verdas største produsentar av strømaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for senteret og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid. Vi takkar for oppdraget og gratulerer heile nye Øygarden kommune med nytt og flott lokalmedisinsk senter! avsluttar Halland.

Strømaggregat på Straume

Om Lokalmedisinsk senter

Det lokalmedisinske senteret er eit samarbeidsprosjekt mellom Fjell, Sund og Øygarden kommunar og Helse Bergen. Fjell kommune er vertskommune og byggherre for det 9 200 kvadratmeter store bygget som er plassert sentralt i «Helselandsbyen». Kostnadsramma for senteret er 300 millionar kroner.

  • Br. Ulveseth AS er hovudentreprenør.
  • Arkitekt er Link arkitektur AS.
  • Østerbø Maskin AS leverer nødstrømsanlegget.

Det nye senteret er innhaldsrikt og rommar:

  • Legevakt
  • Fastlegekontor
  • Restbehandling etter sjukehusopphald
  • Tilbod om øyeblikkeleg hjelp
  • Dialyse for nyresjuke
  • Tannlegesenter
  • Rehabilitering og forebygging i eit frisk-livs- og mestringssenter
  • Tre sengepostar (intermediær avdeling, rehabilitering og korttids-sjukeheim) og skal til saman ha 48 sengeplassar.

Kontaktperson prosjektet

Magne Halland

Magne Halland

Leiar aggregat

Sløvåg

M: +47 48 16 17 08

E: magne@osterbo.no

Sentralbord

Sentralbord

Østerbø

M: + 47 48 16 17 18

E: om@osterbo.no