Østerbø sitt aggregatteam har installert det første av to reservekraftanlegg til Statnett i Sylling, Lier. Leveransen er gjennom Isachsen Gruppen til sluttkunde Statnett.
År
2019
Sluttkunde
Statnett
Kapasitet
1×645 kVA + 1×500 kVA
Om leveransen
Dette er to Himoinsa strømaggregat med Iveco motor og Stamford generator. Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet. – Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av verdas største produsentar av straumaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for reservekraft til transformatorstasjonen og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin AS.
Fjerde trafostasjon Statnett
I løpet av siste tida har Østerbø levert liknande reservekraftanlegg til Vemorkstoppen, Hove, Røldal og no Sylling. – Slik har vi opparbeida oss god og solid kompetanse på krav og løysingar som er optimale for slik reservekraft, avsluttar Halland.
Statnett oppgraderer
Sylling transformatorstasjon i Lier kommune er eit viktig knutepunkt for strøm på Østlandet. Det foregår no ein omfattande modernisering av anlegget frå 1970-talet med planlagd ferdigstilling i 2021. Meir om dette kan du sjå på Statnett sine sider.
Kontaktperson hos Østerbø
Andre saker du kanskje er interessert i
Slik optimaliserer du aggregat til forflåte
Stor miljø- og kostnadsgevinst med liten investering. Skreddarsyr du ein aggregatpakke med tilhøyrande synkronisering vil du redusere driftskostnadane for ein forflåte frå første dag. Når ein motor som køyrer på tomgang store deler av døgnet blir justert til å gå med...
«Plug and play» for kraftbransjen
Overlevering av fleksibel løysing for reservekraft til Agder Energi Nett AS. Løysinga er totalt på 1 000 kVA fordelt på to rammemonterte aggregatpakkar, kvar med eit stillegåande 500 kVA aggregat, stor drivstofftank og 2x4x25 m kabel på trommel for enkel tilkopling....
Aggregatinstallasjon Haraldsplass
Nødstrøm til nye Haraldsplass Diakonale Sykehus er under installasjon Med heftig kraning og god hjelp kom strømaggregat og dieseltank under tak før helga. Sjukehuset opnar hausten 2018 og føyer seg inn i ei rekke sjukehus på Vestlandet som har nødstrøm frå Østerbø....