Unik kraftpakke til Birkeland Entreprenørforretning AS

23. februar 2017

Unik kraftpakke til Birkeland Entreprenørforretning AS

– Dette er rett og slett «Plug and play», seier dagleg leiar Håkon Birkeland hos Birkeland Entreprenørforretning AS om løysinga frå Østerbø. Her er strømaggregat og uttak for 1000V til tunnelrigg og 400V til vifter samla i ein container, optimalisert for arbeid i tunnel.

Inni pakken skjuler det seg eit 550 kVA Scaniaaggregat og avanserte styringssystem. Til saman utgjer dette ei litande løysing som sikrar kraft tilgjengeleg sjølv midt inni fjell.

Spesialbygd container

– Så vidt vi veit er dette den einaste av sitt slag i Noreg, seier salssjef Arve Søreide i Østerbø Maskin. Løysinga kjem av eit godt samarbeid mellom Birkeland Entreprenørforretning AS og Østerbø Maskin AS. – Vi leverte ein liknande til dei for 10 år sidan, og denne nye er perfeksjonert etter erfaringar frå den.