Viktig avtale for Østerbø på Mongstad

26. januar 2023

Viktig avtale for Østerbø på Mongstad

Equinor har tildelt PSW Technology ei treårig kontrakt (9 år opsjon) for vedlikehaldstenester til Mongstad-raffineriet. Verdien på kontrakten er totalt rundt 1,8 milliardar kroner dersom alle opsjonane blir innfridde. Østerbø Maskin er med på laget og leverer 20% av elektro i denne kontrakten.

– Denne kontrakten er svært gledeleg for satsinga vår på industrielektro, seier adm.dir. Richard Cornell i Østerbø Maskin, – den viser at vi har lukkast i arbeidet vi har lagt ned så langt. Det er kjekt å vere med på laget som dei neste åra skal levere vedlikehaldstenester på Mongstad.

Oppbemanning

– No treng me fleire industrielektrikarar og automatikarar med på laget, seier Cornell. Utlysninga er ute på nettsidene våre så det er berre å søkje om du er interessert i jobb i Mongstad/Nordhordland/Sløvåg. Totalt ser Østerbø for seg ei oppbemanning med 8-12 personar som følge av nye kontraktar. Etter Meland Elektro og Østerbø Maskin fusjonerte i fjor har dei no alt eit stort elektromiljø med avdelingar på Frekhaug og Østerbø.

Adm. dir. Richard Cornell
Adm. dir. Richard Cornell

Meir info: Richard Cornell: richard@osterbo.no mob: 95231652

Meir om avtalen hos PSW Technology