Østerbø Maskin er saman med Meland Elektro i full gang med å legge landstrøm til semilukka merder på Osland Havbruk sin lokasjon Sørevik.
Sikker straum
Som del av ei målretta grøn satsing har Osland investert i fleire semilukka merder. Med slik teknologi er sikker straumforsyning heilt avgjerande. Leveranse av oksygen, reint vatn og fór treng straum for å pumpast/forsynast kontinuerleg inn i merda utan avbrot. For å sikre dette blir landstraumen kombinert med reservekraftaggregat som står klart om det blir utfall. – Det er så klart ein fordel for Osland å velje oss sidan vi har god kompetanse på både elektro og strømaggregat, seier teknisk sjef Åge Østerbø. – Slik kan vi levere ei litande løysing der alt «snakkar saman» for å sikre oppetid.
Sognefjorden
Østerbø prosjekterer og utfører «straumdelen» av prosjektet med semilukka merder. Kvar av desse merdene rommar 30 000 m3 vatn så det er snakk om litt dimensjonar. Sognefjorden er storslagen og flott, men og lunefull med store djupne, sterke straumar, vind og vér samt merdering i aluminium som ein må ta høgde for i eit slikt prosjekt.
Tidlegare har Østerbø også levert landstrøm til fórflåten som er på lokasjonen.