Østerbø Maskin og Ecomerden inngår rammeavtale

aug 11, 2021

Østerbø Maskin og Ecomerden inngår rammeavtale

Østerbø Maskin har inngått eksklusiv rammeavtale på levering av PE-rørsystem til dei semilukka merdene til Ecomerden. – Dei har solid kompetanse innan havbruk og er i stadig utvikling innan plast-segmentet. Så dette er eit samarbeid vi har trua på, seier dagleg leiar Jan Erik Kyrkjebø i Ecomerden AS. 

Jan Erik Kyrkjebø

Jan Erik Kyrkjebø og Fredrik Kyrkjebø i Ecomerden AS

Avtalen gjeld kjøp av PE-plastrør eksempelvis til rørledning for innsug og strømningskanal. Østerbø vil også ha prosjektansvar knytt til leveransen av desse PE-produkta. Avtalen er eksklusiv for lukka merdsystem og gjeld i første omgang i fem år.

– Vi er glade for å få på plass denne avtalen, seier adm. dir. i Østerbø Maskin AS, Richard Cornell, – Vi har trua på konseptet til Ecomerden med bruk av aluminium og plast i semilukka system. Med denne avtalen legg vi grunnlaget for auka og utvida samarbeid og tenesteyting etter å ha jobba saman i fleire år.

Han fortel at investering i nytt utstyr og kontinuerleg kompetanseheving av tilsette er nokon av tiltaka i satsinga på plast og rørsystem i Østerbø. Dei har siste åra utført fleire større leveransar av rørsystem både på land og til sjøs.

Om Østerbø Maskin og Ecomerden

Ecomerden AS utviklar, produserer og leverer lukka merdsystem for produksjon av postsmolt og matfisk. Østerbø Maskin AS leverer litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon.

Ecomerden i Sognefjorden

To Ecomerden ved Sørevik i Sognefjorden

Korleis jobbar vi?

I botn for arbeidet vi gjer ligg fire kjerneverdiar  som seier litt om korleis vi jobbar oss i mellom og mot deg som kunde for å kvar dag levere litande løysingar.

Engasjert

Med engasjert meinar vi å «vere på», bry seg

Vi kjem med innspel, viser interesse og er løysingsorienterte

Dette er måten vi arbeider på

Lojal

Med lojal meinar vi at vi er til å stole på og dette gir oss eit tydeleg «VI» meir enn «EG»

Respekt

Med respekt meinar vi måten vi møter andre på

Vi lyttar, viser forståing og er imøtekommande

Gjennomført

Med gjennomført meinar vi at vi er tru mot verdiane våre

Dette syner att i haldningane og handlingane våre

Vi gjer som vi seier, og står for det vi har sagt