Første hybride løysing til Osland

2. april 2019

Første hybride løysing til Osland

Osland Stamfisk AS investerer no i den første hybride fôrflåten i Osland-konsernet.
Løysinga er levert av Østerbø Maskin AS og Electro Automation Austevoll AS og går til Osland Stamfisk sitt anlegg på Skigelstrand, Rogaland.

 – Hybrid er den beste løysinga der landstrøm ikkje er mogleg, seier driftsleiar Sverrir Valdemarsson i Osland Stamfisk AS, – Vi jobbar målretta med berekraftig matproduksjon, og det er derfor ein eksisterande flåte vi no oppgraderer til toppmoderne hybrid drift.

Sjølve monteringa på flåten skjer no i april, mens FAT og opplæring er gjennomført på Austevoll.

– Slik blir det mindre behov for service, lågare olje- og drivstoff-forbruk og mindre støy. I tillegg vil levetida på generatoren bli lenger sidan den no får «eit sunnare liv»

Jan Erik Søreide

Sals- og marknadssjef, Østerbø Maskin AS

Hybrid forflåte - FAT på Austevoll

FAT og opplæring i testlokalet til Electro Automation Austevoll. Her var representantar frå Osland Stamfisk, Electro Automation Austevolll og Østerbø Maskin tilstades. Frå venstre: Gunnar Gryte, Daniel Tveit Haugland, Jan Erik Søreide, Øyvind Berntsen og Sigve Gokstad.

Generator + «Batterator»

Østerbø Maskin AS er leiande på strømaggregat og Electro Automation Austevoll AS har utvikla batteripakken «Batterator». Saman har dei solid erfaring frå havbruksnæringa og når dei no slår hovuda sine saman blir resultatet ei optimal løysing for hybrid drift av fôrflåtar.

– Vi jobbar målretta med berekraftig matproduksjon, og det er derfor ein eksisterande flåte vi no oppgraderer til toppmoderne hybrid drift.

Sverrir Valdemarsson

Driftsleiar, Osland Stamfisk AS

Mange fordelar med hybrid fôrflåte

Til vanleg utnyttar eit flåteaggregat gjerne berre 15-20% av effekten fordi det må vere dimensjonert for å takle dei store toppane i eit forbruk med stor døgnvariasjon. Ved å kombinere generatoren med «Batterator» vil den no gå med optimal last når det er i gong. Generatoren vil forsyne flåten med det den treng og samtidig bruke overskotet til å lade «Batterator». Når batteria er fullada vil dei forsyne flåten og generatoren slåast av. Dette fungerer saumlaust og automatisk og gir optimal drift, døgnet rundt, heile året.

– Slik blir det mindre behov for service, lågare olje- og drivstoff-forbruk og mindre støy. I tillegg vil levetida på generatoren bli lenger sidan den no får «eit sunnare liv», seier Jan Erik Søreide hos Østerbø Maskin AS. – Så denne løysinga er faktisk vinn-vinn for både miljø og økonomi på sikt.

Viser Batterator og Generator

Fokus på tryggleik

Electro Automation Austevoll er svært nøgd med leveranse av «Batterator» til Osland, og leverer her eit batterisystem som er dimensjonert tilsvarande størrelsen på generatoren. Batteria som blir nytta er DNV godkjente for bruk i fartøy. Dei er blant dei tryggaste batteria på marknaden og innehar ein batterikjemi utan tungmetallet kobolt.

Kanskje du er interessert i desse sakene?

Møt oss på Aqua Nor 2021

Møt oss på Aqua Nor 2021

Vi deltek på Aqua Nor 24.-27. august i Trondheim. Møt oss på stand E-414, og slå av ein prat om reservekraft, rørsystem, notvask og litande løysingar. Følg med på https://aquanor.no for siste om gjennomføring og koronatiltak. Du treff oss og på den digitale...

Case Study: Små marginar og litande løysingar

Case Study: Små marginar og litande løysingar

Aggregatinstallasjon i eksisterande bygg kan by på utfordringar. Men med litande løysingar, god innsats på planlegging og dyktige fagfolk på utføring kan det meste løysast. “Vi er veldig fornøyd med aggregatet på Furuheim. Dette er malen på hvordan en slik...

Østerbø leverer nødstrømsaggregat til Ålesund sjukehus

Østerbø leverer nødstrømsaggregat til Ålesund sjukehus

– Vi er stolte over å ha sikra oss denne kontrakten. Nødstrøm til sjukehus er noko av det mest prestisjetunge ein kan levere i vår bransje, fortel Magne Halland, leiar for aggregatavdelinga i Østerbø. 4 MW nødstrøm Vi var i konkurranse med dei største aktørane i...