Østerbø sitt aggregatteam har installert det første av to reservekraftanlegg til Statnett i Sylling, Lier. Leveransen er gjennom Isachsen Gruppen til sluttkunde Statnett.
År
2019
Sluttkunde
Statnett
Kapasitet
1×645 kVA + 1×500 kVA
Om leveransen
Dette er to Himoinsa strømaggregat med Iveco motor og Stamford generator. Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet. – Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av verdas største produsentar av straumaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for reservekraft til transformatorstasjonen og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin AS.
Fjerde trafostasjon Statnett
I løpet av siste tida har Østerbø levert liknande reservekraftanlegg til Vemorkstoppen, Hove, Røldal og no Sylling. – Slik har vi opparbeida oss god og solid kompetanse på krav og løysingar som er optimale for slik reservekraft, avsluttar Halland.
Statnett oppgraderer
Sylling transformatorstasjon i Lier kommune er eit viktig knutepunkt for strøm på Østlandet. Det foregår no ein omfattande modernisering av anlegget frå 1970-talet med planlagd ferdigstilling i 2021. Meir om dette kan du sjå på Statnett sine sider.
Kontaktperson hos Østerbø
Andre saker du kanskje er interessert i
Lanserer «Sørvis med stor Ø»
På Eliaden 2022 lanserer Østerbø det nye servicekonseptet sitt som har fått namnet Sørvis med stor Ø. I hovudsak gjeld dette oppfølging av strømaggregat bedrifta har i drift rundt i heile Noreg. - Dette er del av eit prosjekt vi har hatt i det siste med å sette...
Østerbø på Eliaden 2022
Møt oss på Eliaden 31. mai - 2. juni 2022 på NOVA Spektrum Lillestrøm. Stand E02-08. På messa treff du delar av aggregatgjengen som kan vise tilbodet vårt innan reservekraft. Med seg har dei også lansering av den nye serviceløysinga vår "Sørvis med stor Ø". Meir om...
Møt oss på Aqua Nor 2021
Vi deltek på Aqua Nor 24.-27. august i Trondheim. Møt oss på stand E-414, og slå av ein prat om reservekraft, rørsystem, notvask og litande løysingar. Følg med på https://aquanor.no for siste om gjennomføring og koronatiltak. Du treff oss og på den digitale...