Østerbø sitt aggregatteam har installert det første av to reservekraftanlegg til Statnett i Sylling, Lier. Leveransen er gjennom Isachsen Gruppen til sluttkunde Statnett.

År

2019

Sluttkunde

Statnett

Kapasitet

1×645 kVA + 1×500 kVA

Om leveransen

Dette er to Himoinsa strømaggregat med Iveco motor og Stamford generator. Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet. – Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av verdas største produsentar av straumaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for reservekraft til transformatorstasjonen og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin AS.

Strømaggregat lyddempa

Fjerde trafostasjon Statnett

I løpet av siste tida har Østerbø levert liknande reservekraftanlegg til Vemorkstoppen, Hove, Røldal og no Sylling. – Slik har vi opparbeida oss god og solid kompetanse på krav og løysingar som er optimale for slik reservekraft, avsluttar Halland.

Statnett oppgraderer

Sylling transformatorstasjon i Lier kommune er eit viktig knutepunkt for strøm på Østlandet. Det foregår no ein omfattande modernisering av anlegget frå 1970-talet med planlagd ferdigstilling i 2021. Meir om dette kan du sjå på Statnett sine sider.

Kontaktperson hos Østerbø

Magne Halland

Magne Halland

Leiar aggregat

Kontakt meg om: Strømaggregat

pinSløvåg

telefon48 16 17 08

e-postmagne@osterbo.no

Sentralbord

Østerbø

telefon48 16 17 18

brevsalg@osterbo.no

Andre saker du kanskje er interessert i

Møt oss på Havexpo 23.-24.mars

Møt oss på Havexpo 23.-24.mars

23.-24. mars tek vi turen til den digitale messa Haveexpo. Her kan du sjå kva vi tilbyr til landbasert og sjøbasert oppdrett. Slå av ein prat og ta ein "kaffi". Det er gratis å delta. Klikk deg inn på standen vår her>> Stikk innom ein tur frå kontoret,...

Østerbø leverer nødstrømsaggregat til Ålesund sjukehus

Østerbø leverer nødstrømsaggregat til Ålesund sjukehus

– Vi er stolte over å ha sikra oss denne kontrakten. Nødstrøm til sjukehus er noko av det mest prestisjetunge ein kan levere i vår bransje, fortel Magne Halland, leiar for aggregatavdelinga i Østerbø. 4 MW nødstrøm Vi var i konkurranse med dei største aktørane i...

Tett på: Jostein Birkeland

Tett på: Jostein Birkeland

Jostein er utdanna industrimekanikar og jobbar som aggregatmontør i Østerbø Maskin. Me følger han på servicerunde i Sogn og Sunnfjord, der blant anna Førde Sentralsjukehus er på lista. Mange av aggregat-installasjonane inkluderer serviceavtalar for å sikre kunden...