Løysinga er levert av Østerbø Maskin AS og Electro Automation Austevoll AS og går til Osland Stamfisk sitt anlegg på Skigelstrand, Rogaland.
– Hybrid er den beste løysinga der landstrøm ikkje er mogleg, seier driftsleiar Sverrir Valdemarsson i Osland Stamfisk AS, – Vi jobbar målretta med berekraftig matproduksjon, og det er derfor ein eksisterande flåte vi no oppgraderer til toppmoderne hybrid drift.
Sjølve monteringa på flåten skjer no i april, mens FAT og opplæring er gjennomført på Austevoll.
– Slik blir det mindre behov for service, lågare olje- og drivstoff-forbruk og mindre støy. I tillegg vil levetida på generatoren bli lenger sidan den no får «eit sunnare liv»
FAT og opplæring i testlokalet til Electro Automation Austevoll. Her var representantar frå Osland Stamfisk, Electro Automation Austevolll og Østerbø Maskin tilstades. Frå venstre: Gunnar Gryte, Daniel Tveit Haugland, Jan Erik Søreide, Øyvind Berntsen og Sigve Gokstad.
Generator + «Batterator»
Østerbø Maskin AS er leiande på strømaggregat og Electro Automation Austevoll AS har utvikla batteripakken «Batterator». Saman har dei solid erfaring frå havbruksnæringa og når dei no slår hovuda sine saman blir resultatet ei optimal løysing for hybrid drift av fôrflåtar.
– Vi jobbar målretta med berekraftig matproduksjon, og det er derfor ein eksisterande flåte vi no oppgraderer til toppmoderne hybrid drift.
Mange fordelar med hybrid fôrflåte
Til vanleg utnyttar eit flåteaggregat gjerne berre 15-20% av effekten fordi det må vere dimensjonert for å takle dei store toppane i eit forbruk med stor døgnvariasjon. Ved å kombinere generatoren med «Batterator» vil den no gå med optimal last når det er i gong. Generatoren vil forsyne flåten med det den treng og samtidig bruke overskotet til å lade «Batterator». Når batteria er fullada vil dei forsyne flåten og generatoren slåast av. Dette fungerer saumlaust og automatisk og gir optimal drift, døgnet rundt, heile året.
– Slik blir det mindre behov for service, lågare olje- og drivstoff-forbruk og mindre støy. I tillegg vil levetida på generatoren bli lenger sidan den no får «eit sunnare liv», seier Jan Erik Søreide hos Østerbø Maskin AS. – Så denne løysinga er faktisk vinn-vinn for både miljø og økonomi på sikt.
Fokus på tryggleik
Electro Automation Austevoll er svært nøgd med leveranse av «Batterator» til Osland, og leverer her eit batterisystem som er dimensjonert tilsvarande størrelsen på generatoren. Batteria som blir nytta er DNV godkjente for bruk i fartøy. Dei er blant dei tryggaste batteria på marknaden og innehar ein batterikjemi utan tungmetallet kobolt.
Kanskje du er interessert i desse sakene?
Nødstrøm til datasenter
Strømaggregat frå Østerbø sikrar straumen til datasenteret Datafjellet AS i Bergen. År 2018 Sluttkunde Datafjellet AS Kapasitet 2x645 kVA 10 år med datasenter i fjellhall Datafjellet leverer sikker infrastruktur og skreddarsydde datarom til kundar som ønskar full...
Reservekraft til Sola rådhus
Arbeidet med nytt rådhus i Sola kommune er godt i gong. No er reservekraftaggregatet frå Østerbø komme på plass. Leveransen er gjennom Kreatel AS til Sola kommune.År 2019 Sluttkunde Sola kommune Kapasitet 1x285 kVA Reservekraft sikrar tenester til barn og unge – Dette...
Trygg reservekraft til viktig trafostasjon
Østerbø sitt aggregatteam har installert det første av to reservekraftanlegg til Statnett i Sylling, Lier. Leveransen er gjennom Isachsen Gruppen til sluttkunde Statnett. År 2019 Sluttkunde Statnett Kapasitet 1x645 kVA + 1x500 kVA Om leveransen Dette er to Himoinsa...