
Ledig stilling: Serviceteknikar reservekraft
Vil du bli med oss og gi Noreg sikker strømforsyning? No har du moglegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar på nødstraum og reservekraft. Østerbø leverer generatorløysingar og hybride system frå HIMOINSA. Arbeidsoppgåver På...
Å jobbe i Østerbø
- Ein plass der du får bruke det du kan, ikkje berre det som står på papiret ditt.
- Eit miljø der det er kort veg frå idé til handling, og der du kan få vere både fagarbeidar, problemløysar, støttespelar og medskapar.
- Ein kvardag med folk du faktisk vil ete lønsj med.
- Og eit arbeid der du kanskje kjenner at det du gjer, faktisk betyr noko for nokon – om det er straumen som må på, eit anlegg som skal tryggast, eller ei løysing som skal byggast.
Send oss ein open søknad
Finn du ingen ledige stillingar som passar for deg? Ta gjerne kontakt uansett. Send oss CV eller ta ein uformell prat.
Om Østerbø Solutions AS
Østerbø Solutions har snart 50 års erfaring frå mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og rørsystem, og er ein betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innan akvakultur, industri og det offentlege.
Selskapet har i dag ca 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har hovudkontor på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og Sløvåg. Velkommen med på laget
Kontakt oss


