Er du vår nye drivande dyktige elektrikar eller automatikar klar for nye utfordringar?
Grunna auka oppdragsmengde innan nybygg, bustad og industri søkjer vi nye tilsette til arbeid i Meland-området.
Arbeidsoppgåver
- Utføring av elektro-/automasjonsinstallasjonar
- Sikre at arbeid blir gjennomført på eit høgt fagleg nivå, til rett pris og rett tid
- Energieffektivisering
- Automasjon
- Installasjon av alarm og sikkerheitsanlegg
- Service og feilsøking
Bakgrunn og kompetanse
- Fagbrev som elektrikar eller automatikar
- Gjerne erfaring frå bygg- og bustadinstallasjon
- Førarkort kl B
- God skriftleg og munnleg norsk og engelsk

Vi tilbyr
- Spennande stilling med stor moglegheit til å påverke retning og utvikling av Østerbø si elektrosatsing
- Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
- Oppmøtestad avd. Meland
Kontakt oss
3 faste 100% stillingar
Søknadsfrist: 1. september, søknader blir vurdert fortløpande


Kanskje er du også interessert i desse jobbane:
Ledig stilling: elektrikar/automatikar – Sløvåg
Grunna auka oppdragsmengde søkjer vi 3 nye tilsette til arbeid i Sløvåg Er du vår nye drivande...
Ledig stilling: fagansvarleg elektro
Grunna auka oppdragsmengde søkjer vi autorisert installatør til avdelinga vår på Meland.
Ledig stilling: Produksjonsleiar
Er du den drivande dyktige produksjonsleiaren med mekanisk bakgrunn som vil vere med og skape på...
Om Østerbø Maskin
Østerbø Maskin har over 45 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa, elektroinstallasjon og elektromekanisk produksjon.
Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.
Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!