Ni strømaggregat til fórflåtar

8. mai 2019

Ni strømaggregat til fórflåtar

Østerbø har levert og installert 3×3 Strømaggregat på betongflåtar til havbruk. Leveransen er gjennom Endúr Sjøsterk til Nordlaks.

År

2019

Sluttkunde

Nordlaks

Kapasitet

3×45 kVA, 6×200 kVA

Arve Søreide, Per Bessesen, Frode Johansson

Frå venstre: Arve Søreide – salsleiar aggregat Østerbø Maskin AS, Per Bessesen – produksjonsleiar Endúr Sjøsterk, Frode Johansson – prosjektleiar Endúr Sjøsterk

Strømforsyning til tre flåtar

Leveransen er ni strømaggregat i støydempa kapsling. Kvar flåte har fått installert to store aggregat samt eitt lite til nattdrift. Dyktige fagfolk frå Østerbø har jobba hardt siste vekene før påske for å få alt klart med installasjon og avkastkanalar.

– Sjekk dei nydelege detaljane i metallarbeidet, seier salsleiar aggregat Arve Søreide hos Østerbø Maskin AS, mens han viser oss rundt. – Strømforsyning til havbruk er noko vi likar å jobbe med. Akkurat denne installasjonen er ei løysing som er dimensjonert for det variable forbruket vi ser slike forflåtar har. Meir om slik dimensjonering kan du lese her >>

Fórflåte Endúr

Det er tre slike betongflåtar som no får strømaggregat frå Østerbø

Stor og viktig jobb

Leveransen frå Østerbø på kvar flåte er 1 x 45 kVA og 2 x 200 kVA strømaggregat frå Himoinsa, samt installasjon av aggregat og avkastkanalar, eksos og diesel ombord i flåtane. Strømaggregata er sett i synk og vekslar saumlaust alt etter strømbehovet til flåten, både mellom aggregata og eventuell landstrøm. – Dette er eit prosjekt med ein verdi på fleire millionar, så det seier seg sjølv at dette er ein viktig jobb for Østerbø. Berre i arbeidstimar passerar vi nok tusen timar. Vi takkar så mykje for tilliten og gratulerer Nordlaks Produkter AS med tre flotte nye flåtar frå Endúr Sjøsterk AS, avsluttar Søreide.

Strømaggregat i forflåte

 

 

Kontaktperson hos Østerbø

Arve Søreide

Arve Søreide

Salsansvarleg aggregat agentur

Østerbø

M: +47 48 16 17 24

E: arve@osterbo.no

Sentralbord

Sentralbord

Østerbø

M: + 47 48 16 17 18

E: post@osterbo.no

Andre saker du kanskje er interessert i

Strømaggregat til Voss Kommune

Strømaggregat til Voss Kommune

Stort oppmøte ved overlevering av strømaggregat til Voss kommune - kjekk dag på jobb. Strømaggregatet er mobilt og skal stå som beredskap for kommunen og sørge for at Voss har drikkevatn uansett straumbrot eller flaum. Vi takkar for tilliten! Strømaggregatet på...

Reservekraft Nord Trøndelag fylkeskommune

Reservekraft Nord Trøndelag fylkeskommune

Vi gratulerer Fylkets Hus, Nord-Trøndelag fylkeskommune med Reservekraftaggregat og takkar for oppdraget! Kjekk installasjonsjobb i samarbeid med Caverion Norge Steinkjer og FuglesangDahl. Vi kjem gjerne tilbake for fleire oppdrag i lag med slik ein gjeng!