Østerbø har levert og installert 3×3 Strømaggregat på betongflåtar til havbruk. Leveransen er gjennom Endúr Sjøsterk til Nordlaks.
År
2019
Sluttkunde
Nordlaks
Kapasitet
3×45 kVA, 6×200 kVA
Frå venstre: Arve Søreide – salsleiar aggregat Østerbø Maskin AS, Per Bessesen – produksjonsleiar Endúr Sjøsterk, Frode Johansson – prosjektleiar Endúr Sjøsterk
Strømforsyning til tre flåtar
Leveransen er ni strømaggregat i støydempa kapsling. Kvar flåte har fått installert to store aggregat samt eitt lite til nattdrift. Dyktige fagfolk frå Østerbø har jobba hardt siste vekene før påske for å få alt klart med installasjon og avkastkanalar.
– Sjekk dei nydelege detaljane i metallarbeidet, seier salsleiar aggregat Arve Søreide hos Østerbø Maskin AS, mens han viser oss rundt. – Strømforsyning til havbruk er noko vi likar å jobbe med. Akkurat denne installasjonen er ei løysing som er dimensjonert for det variable forbruket vi ser slike forflåtar har. Meir om slik dimensjonering kan du lese her >>
Det er tre slike betongflåtar som no får strømaggregat frå Østerbø
Stor og viktig jobb
Leveransen frå Østerbø på kvar flåte er 1 x 45 kVA og 2 x 200 kVA strømaggregat frå Himoinsa, samt installasjon av aggregat og avkastkanalar, eksos og diesel ombord i flåtane. Strømaggregata er sett i synk og vekslar saumlaust alt etter strømbehovet til flåten, både mellom aggregata og eventuell landstrøm. – Dette er eit prosjekt med ein verdi på fleire millionar, så det seier seg sjølv at dette er ein viktig jobb for Østerbø. Berre i arbeidstimar passerar vi nok tusen timar. Vi takkar så mykje for tilliten og gratulerer Nordlaks Produkter AS med tre flotte nye flåtar frå Endúr Sjøsterk AS, avsluttar Søreide.
Kontaktperson hos Østerbø
Andre saker du kanskje er interessert i
Tett på: Jetmund Høsteland
Jetmund Høsteland er utdanna automatikar og jobbar som aggregatmontør for Østerbø Maskin. I det daglege reiser han Noreg på langs og tvers for installasjon eller service av aggregatinstallasjonar. Når me møter han på verkstaden i Sløvåg jobbar han med ein av seks...
HS – nye modulbaserte strømaggregat
Allsidige og modulbaserte strømaggregat med Yanmar motor for stasjonær bruk. Du får desse i størrelsane 10-50 kVA. Moglegheit for innbygd omkobler. Gjennomtenkt design Med modulbasert design kan vi lett koble til, sette saman og dimensjonere anlegget for ulik...
Strømaggregat: Stor suksess med jubileumstilbud
Delar av service-gjengen klar til å rykke ut: Jetmund, Jostein, Lars-Åge og Pawel. Østerbø feirar 20 år med Himoinsa-aggregat og gir gratis service med alle kjøp ut jubileumsåret 2020. Litande løysing over tid - Denne markeringa av jubileet har vore populær sidan...