År
2019
Sluttkunde
Sola kommune
Kapasitet
1×285 kVA
Reservekraft sikrar tenester til barn og unge
– Dette har vore eit kjekt prosjekt for oss, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin AS. – Reservekraft til det offentlege er noko vi likar å jobbe med og har lang erfaring med å finne gode løysingar på. Rådhuset vil innehalde mange tenester for innbyggarane. I tillegg til administrasjonen, vil helsestasjon, familiesenteret, ungdomsteam, PPT, barnevern og NAV vere å finne i dette bygget.
Om leveransen
Leveransen frå Østerbø er eit Himoinsa aggregat på 285 kVA med Doosan motor og Stamford generator. Anlegget startar automatisk opp og leverer strøm til rådhuset ved feil på forsyningsnettet. Like automatisk er og tilbakekoblinga ved stabilt nett.
Kraning med stor presisjon under installasjon
Komplett reservekraftanlegg
Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg og kjølesystem for strømaggregatet.
– Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av Europas største produsentar av strømaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for rådhuset og levere den komplette pakken med prosjektering, installasjon og trygg oppfølging i ettertid, avsluttar Halland.
Om nye Sola Rådhus
Sola kommune sitt nye rådhus er under arbeid med planlagt ferdigstilling i desember 2019. Rådhuset vil vere arbeidsplass for 320 tilsette. Administrasjon, helsestasjon, familiesenteret, ungdomsteam, PPT, barnevern og NAV vil du finne i dette bygget. I tillegg blir det offentleg parkering under rådhusplassen.
Fakta:
- Byggherre: Sola kommune
- Arkitekt: Longva arkitekter AS
- Hovudentreprenør: Consto Sør AS
- Elektroinstallasjon:Kreatel AS
- Leverandør reservekraft: Østerbø Maskin AS
Kontaktperson hos Østerbø
Andre saker du kanskje er interessert i
Tett på: Jostein Birkeland
Jostein er utdanna industrimekanikar og jobbar som aggregatmontør i Østerbø Maskin. Me følger han på servicerunde i Sogn og Sunnfjord, der blant anna Førde Sentralsjukehus er på lista. Mange av aggregat-installasjonane inkluderer serviceavtalar for å sikre kunden...
Tett på: Pawel Ziolkowski
Pawel er utdanna industrirøyrleggjar og jobbar som aggregatmontør for Østerbø Maskin. I det daglege reiser han landet på langs og tvers for installasjon eller service av aggregatinstallasjonar. Me blir med Pawel på installasjon av nytt reservekraftaggregat til...
1 MW strømaggregat – lågast drivstoff-forbruk
Vi kan no tilby ein heilt ny generasjon stasjonære kraftpluggar. Strømaggregat med 1MW Yanmar motor levert i 20 fots container. Best i klassen på drivstoff-forbruk. Her har Himoinsa verkeleg satsa på topp ytelse i eit kompakt format. Spar driftskostnader I tett...