Østerbø sitt aggregatteam har installert det første av to reservekraftanlegg til Statnett i Sylling, Lier. Leveransen er gjennom Isachsen Gruppen til sluttkunde Statnett.
År
2019
Sluttkunde
Statnett
Kapasitet
1×645 kVA + 1×500 kVA
Om leveransen
Dette er to Himoinsa strømaggregat med Iveco motor og Stamford generator. Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet. – Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av verdas største produsentar av straumaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for reservekraft til transformatorstasjonen og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin AS.

Fjerde trafostasjon Statnett
I løpet av siste tida har Østerbø levert liknande reservekraftanlegg til Vemorkstoppen, Hove, Røldal og no Sylling. – Slik har vi opparbeida oss god og solid kompetanse på krav og løysingar som er optimale for slik reservekraft, avsluttar Halland.
Statnett oppgraderer
Sylling transformatorstasjon i Lier kommune er eit viktig knutepunkt for strøm på Østlandet. Det foregår no ein omfattande modernisering av anlegget frå 1970-talet med planlagd ferdigstilling i 2021. Meir om dette kan du sjå på Statnett sine sider.
Kontaktperson hos Østerbø


Andre saker du kanskje er interessert i
Ni strømaggregat til fórflåtar
Østerbø har levert og installert 3x3 Strømaggregat på betongflåtar til havbruk. Leveransen er gjennom Endúr Sjøsterk til Nordlaks. År 2019 Sluttkunde Nordlaks Kapasitet 3x45 kVA, 6x200 kVA Frå venstre: Arve Søreide - salsleiar aggregat Østerbø Maskin AS, Per Bessesen...
Nødstrøm til datasenter
Strømaggregat frå Østerbø sikrar straumen til datasenteret Datafjellet AS i Bergen. År 2018 Sluttkunde Datafjellet AS Kapasitet 2x645 kVA 10 år med datasenter i fjellhall Datafjellet leverer sikker infrastruktur og skreddarsydde datarom til kundar som ønskar full...
Reservekraft til Sola rådhus
Arbeidet med nytt rådhus i Sola kommune er godt i gong. No er reservekraftaggregatet frå Østerbø komme på plass. Leveransen er gjennom Kreatel AS til Sola kommune.År 2019 Sluttkunde Sola kommune Kapasitet 1x285 kVA Reservekraft sikrar tenester til barn og unge – Dette...