Østerbø sitt aggregatteam har installert det første av to reservekraftanlegg til Statnett i Sylling, Lier. Leveransen er gjennom Isachsen Gruppen til sluttkunde Statnett.
År
2019
Sluttkunde
Statnett
Kapasitet
1×645 kVA + 1×500 kVA
Om leveransen
Dette er to Himoinsa strømaggregat med Iveco motor og Stamford generator. Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet. – Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av verdas største produsentar av straumaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for reservekraft til transformatorstasjonen og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin AS.
Fjerde trafostasjon Statnett
I løpet av siste tida har Østerbø levert liknande reservekraftanlegg til Vemorkstoppen, Hove, Røldal og no Sylling. – Slik har vi opparbeida oss god og solid kompetanse på krav og løysingar som er optimale for slik reservekraft, avsluttar Halland.
Statnett oppgraderer
Sylling transformatorstasjon i Lier kommune er eit viktig knutepunkt for strøm på Østlandet. Det foregår no ein omfattande modernisering av anlegget frå 1970-talet med planlagd ferdigstilling i 2021. Meir om dette kan du sjå på Statnett sine sider.
Kontaktperson hos Østerbø
Andre saker du kanskje er interessert i
Nødstrøm til datasenter
Strømaggregat frå Østerbø sikrar straumen til datasenteret Datafjellet AS i Bergen. År 2018 Sluttkunde Datafjellet AS Kapasitet 2x645 kVA 10 år med datasenter i fjellhall Datafjellet leverer sikker infrastruktur og skreddarsydde datarom til kundar som ønskar full...
Reservekraft til Sola rådhus
Arbeidet med nytt rådhus i Sola kommune er godt i gong. No er reservekraftaggregatet frå Østerbø komme på plass. Leveransen er gjennom Kreatel AS til Sola kommune.År 2019 Sluttkunde Sola kommune Kapasitet 1x285 kVA Reservekraft sikrar tenester til barn og unge – Dette...
Første hybride løysing til Osland
Osland Stamfisk AS investerer no i den første hybride fôrflåten i Osland-konsernet. Løysinga er levert av Østerbø Maskin AS og Electro Automation Austevoll AS og går til Osland Stamfisk sitt anlegg på Skigelstrand, Rogaland. – Hybrid er den beste løysinga der...