Østerbø sitt aggregatteam har installert det første av to reservekraftanlegg til Statnett i Sylling, Lier. Leveransen er gjennom Isachsen Gruppen til sluttkunde Statnett.
År
2019
Sluttkunde
Statnett
Kapasitet
1×645 kVA + 1×500 kVA
Om leveransen
Dette er to Himoinsa strømaggregat med Iveco motor og Stamford generator. Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet. – Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av verdas største produsentar av straumaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for reservekraft til transformatorstasjonen og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin AS.
Fjerde trafostasjon Statnett
I løpet av siste tida har Østerbø levert liknande reservekraftanlegg til Vemorkstoppen, Hove, Røldal og no Sylling. – Slik har vi opparbeida oss god og solid kompetanse på krav og løysingar som er optimale for slik reservekraft, avsluttar Halland.
Statnett oppgraderer
Sylling transformatorstasjon i Lier kommune er eit viktig knutepunkt for strøm på Østlandet. Det foregår no ein omfattande modernisering av anlegget frå 1970-talet med planlagd ferdigstilling i 2021. Meir om dette kan du sjå på Statnett sine sider.
Kontaktperson hos Østerbø
Andre saker du kanskje er interessert i
5 strømaggregat til Fjell kommune
Prosjekta har bestått av prosjektering, leveranse, montasje og igangkøyring av reservekraft til rådhus, sjukeheim, omsorgsbustad, helsesenter og lokalmedisinsk senter. År 2017/2018 Sluttkunde Fjell kommune Kapasitet 4x580 kVA + 1x823 kVA Helse og kommunale...
Trygg nødstrøm til Øygarden lokalmedisinske senter
Sotra legevakt har no flytta inn i nybygget der kraftforsyninga er sikra med litande nødstrøm frå Østerbø Maskin AS. Offisiell opning av senteret er 29. mars 2019.Nødstrøm - når liv og helse står i fare– Dette har vore eit spennande prosjekt for oss, seier...
Litande nødstrøm til nye Haraldsplass Diakonale Sykehus
Nye Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen har trygg, toppmoderne løysing for nødstrøm frå Østerbø Maskin AS. Nødstrøm - Dette har vore eit viktig prosjekt for oss, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø. - Nødstrøm på helseinstitusjonar stiller strenge krav...