+47 48 16 17 18 om@osterbo.no

Vi treng 4 drivande dyktige kollegaer som vil vere med og skape på Østerbø

Team-medarbeidar aggregat – Sløvåg

Vil du vere med på laget med Vestlandets fremste ekspertar på løysingar for nødstrøm og reservekraft?

Er du elektrikar med mekaniske kunnskapar eller ein mekanikar som forstår seg på straum? Eller kanskje ein automatikar som har kontroll på det meste?

Installatør

Er du den drivande dyktige installatøren som vil vere med og skape elektrisk magi på Østerbø?

Østerbø Maskin AS satsar på elektro og treng deg som installatør med på laget for å bygge opp og vidareutvikle elektroavdelinga vår. Vi har opparbeida oss ein solid posisjon i marknaden og rigga oss for vidare vekst.

Elektromontør gr L

Vi har auka oppdragsmengde og er på jakt etter ein elektromontør som også skal leie arbeid på anlegg.

Det føl noko meir ansvar med stillinga enn ein vanleg elektromontør, og her er rom for å lære mykje og vekse i stillinga. Du skal ha base på Østerbø og hovudsakleg jobbe i nærområdet, men det blir og nokre oppdrag ”utanbygds”.

Mekanikar

Grunna auka oppdragsmengde treng vi ein ”tusenkunstnar” på verkstaden som skal ha ansvaret for å bygge nye produkt, samt utføre vedlikehald og service.

Visste du at…

… vi har utført elektroinstallasjonen på Noreg største landbaserte kveiteoppdrett?
… at straumaggregata våre tryggar nyfødde kuvøsebabyar på sjukehus rundt i Noreg ved straumstans?
… vi har driftsavtaler Ex-elektro med oljehamn?
… Vi har lagt ned 6000 meter røyr til Sogn Aqua i Ortnevik?
… Vi har som oftast eit produktutviklingsprosjekt på gang?

Om Østerbø Maskin AS

Østerbø Maskin er ein god og trygg arbeidsplass i eit levande lokalmiljø med andre spennande bedrifter som naboar. Bedrifta jobbar i dag med bl.a. elektromekanisk industri, elektroinstallasjon, sal av strømaggregat og utstyr til havbruk. No opnar vi dørene for ein installatør, ein elektromontør og ein mekanikar som vil vere med og utvikle bedrifta vidare. Velkommen med på laget! 

Høyanger Sørside er ein flott stad å bu og jobbe. No er det ei stor kraftutbygging på gang rett utanfor verkstaddøra vår, så her ligg moglegheitene klare. I Bjordal er det god og moderne skule og barnehage, samt at her er jobbmoglegheiter i både andre bedrifter og i kommunal regi om du har ein familie å ta med hit.

 

Kontakt oss

Linda Oppedal

Linda Oppedal

Rekneskaps- og personalansvarleg

Kontakt meg om: faktura, ledige stillingar

pinØsterbø

telefon48 16 17 03

e-postlinda@osterbo.no

Steinar Holen

Steinar Holen

Dagleg leiar

 

pinØsterbø

telefon48 16 17 23

e-poststeinar@osterbo.no

Sentralbord

Østerbø

telefon48 16 17 18

brevsalg@osterbo.no