Strømaggregat frå Østerbø sikrar straumen til datasenteret Datafjellet AS i Bergen.

År

2018

Sluttkunde

Datafjellet AS

Kapasitet

2×645 kVA

10 år med datasenter i fjellhall

Datafjellet leverer sikker infrastruktur og skreddarsydde datarom til kundar som ønskar full kontroll over tilgong til eige utstyr og oppbevaring av eigne data. Det er plassert i ein fjellhall frå krigens dager på hemmeleg adresse i Bergensområdet. Gjennom over 10 år har dei levert kundane trygg og sikker lagring og drift av it-system.

 

Trygg med nødstrøm frå Østerbø

For å sikre kundane trygg, avbrotsfri leveranse er det viktig med kontinuerleg straumtilgong. Her kjem nødstrøm frå Østerbø inn i bilete. – For oss var det viktig med ein lokal leverandør for god oppfølging, rask, service og tilstedeværelse ved behov, fortel Rune Toresen, dagleg leiar i Datafjellet AS, – Strømaggregata er kritiske for drifta vår, og då er vi avhengige av serviceavtale med lokal leverandør for kort responstid. Det var og viktig med ein leverandør som kunne levere komplett løysing for enkel implementering og drift.

Strømaggregat lyddempa

Strømaggregata i lyddempa kapsling tåler godt vestlandsvér – Med to strømaggregat er vi sikra full redundans på to separate strømkursar utan reduksjon i ytelse om ein kurs skulle falle bort, seier Toresen. Foto: Datafjellet AS

To strømaggregat for ekstra tryggleik

Strømaggregata sikrar drift av heile anlegget som inkluderer sjølve datasenteret med serverpark og nettverk, i tillegg til infrastruktur som kjøleanlegg, UPS-ar, overvakingssystem etc. – Med to strømaggregat er vi sikra full redundans på to separate strømkursar utan reduksjon i ytelse om ein kurs skulle falle bort, seier Toresen.

– Til Datafjellet har vi levert 2×645 kVA Himoinsa-aggregat montert i lyddempa kapsling, seier salsleiar aggregat Arve Søreide hos Østerbø Maskin AS. – Datasenter er ein interessant bransje å jobbe med der det er høge krav til leveransen og det er vi absolutt klare til å levere på. Søreide takkar Datafjellet så mykje for tilliten og ser fram til eit fortsatt godt samarbeid. 

– Vi har vore svært fornøgd med Østerbø som leverandør av våre aggregat i alle åra vi har vore i drift, avsluttar Toresen.

Strømaggregat lyddempa

– For oss var det viktig med ein lokal leverandør for god oppfølging, rask, service og tilstedeværelse ved behov, fortel Rune Toresen, dagleg leiar i Datafjellet AS. Foto: Datafjellet AS

Kontaktperson hos Østerbø

Arve Søreide

Arve Søreide

Salsleiar aggregat

Kontakt meg om: Strømaggregat

pinØsterbø

telefon48 16 17 24

e-postarve@osterbo.no

Sentralbord

Østerbø

telefon48 16 17 18

brevsalg@osterbo.no

Andre saker du kanskje er interessert i

Første hybride løysing til Osland

Første hybride løysing til Osland

Osland Stamfisk AS investerer no i den første hybride fôrflåten i Osland-konsernet. Løysinga er levert av Østerbø Maskin AS og Electro Automation Austevoll AS og går til Osland Stamfisk sitt anlegg på Skigelstrand, Rogaland.  – Hybrid er den beste løysinga...

Trygg reservekraft til viktig trafostasjon

Trygg reservekraft til viktig trafostasjon

Østerbø sitt aggregatteam har installert det første av to reservekraftanlegg til Statnett i Sylling, Lier. Leveransen er gjennom Isachsen Gruppen til sluttkunde Statnett. År 2019 Sluttkunde Statnett Kapasitet 1x645 kVA + 1x500 kVA Om leveransen...

5 strømaggregat til Fjell kommune

5 strømaggregat til Fjell kommune

Prosjekta har bestått av prosjektering, leveranse, montasje og igangkøyring av reservekraft til rådhus, sjukeheim, omsorgsbustad, helsesenter og lokalmedisinsk senter. År 2017/2018 Sluttkunde Fjell kommune Kapasitet 4x580 kVA + 1x823 kVA Helse...