Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.
Fornøgde kundar i 10 år
– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.
Ta grep mot attgroing
– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.
Bakke-eksperten
Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.
Kjøp i nettbutikk eller kontakt Øyvind
Kontakt oss for eit godt tilbod
Helene Skjerlie
Lager- og logistikkmedarbeidar
Ledig stilling: elektrikar/automatikar – onshore/offshore
Er du vår nye drivande dyktige elektrikar eller automatikar klar for nye utfordringar? Grunna auka oppdragsmengde innan nybygg, bustad og industri søkjer vi nye tilsette til arbeid i Frekhaug-området. Vi satsar også vidare på onshore/offshore og treng elektrikarar og...
Vi byter namn
Østerbø Maskin AS har levert litande løysingar i over 45 år. Utviklinga har vore stor gjennom desse åra og difor byter me no namn til Østerbø Solutions AS. Logoen, folka og lokasjonane er dei same, det er også dei litande løysingane. Merkevara består Det er...
Østerbø satsar stort på endå større rør
Frå våren 2024 er Østerbø klare til å sveise 1600mm PE-rør som ein av svært få i Noreg. Då kjem nemleg det siste tilskotet til maskinparken frå Ritmo i Italia hit. Tilpassar seg kunden sine behov – Vi har sett ein auka etterspørsel etter denne dimensjonen i det...