Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.
Fornøgde kundar i 10 år
– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.
Ta grep mot attgroing
– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.
Bakke-eksperten
Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.
Kjøp i nettbutikk eller kontakt Øyvind
Kontakt oss for eit godt tilbod
Helene Skjerlie
Lager- og logistikkmedarbeidar
Case Study: Små marginar og litande løysingar
Aggregatinstallasjon i eksisterande bygg kan by på utfordringar. Men med litande løysingar, god innsats på planlegging og dyktige fagfolk på utføring kan det meste løysast. “Vi er veldig fornøyd med aggregatet på Furuheim. Dette er malen på hvordan en slik...
Nytt: Amco Veba Marine kraner
Østerbø Maskin har inngått samarbeidsavtale med Truck Tek AS om sal av Amco Veba Marine kraner i Noreg. Saman har vi kompetanse som tilbyr litande og heilskapleg kranløysing til maritim og marin næring i heile Noreg.Litande løysing for løft Leiar for produkt hos...
Nytt produkt til oppdrett
Kundane kjem ofte til oss med eit problem som må løysast eller ein prosess som kan forbetrast. Her er eksempel på ei litande løysing på ei slik utfordring som enda med eit nytt produkt: Østerbø sorteringssystem med bedøvelseskar, referanse Osland Stamfisk. Utvikla...