Østerbø sitt aggregatteam har installert det første av to reservekraftanlegg til Statnett i Sylling, Lier. Leveransen er gjennom Isachsen Gruppen til sluttkunde Statnett.
År
2019
Sluttkunde
Statnett
Kapasitet
1×645 kVA + 1×500 kVA
Om leveransen
Dette er to Himoinsa strømaggregat med Iveco motor og Stamford generator. Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet. – Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av verdas største produsentar av straumaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for reservekraft til transformatorstasjonen og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin AS.
Fjerde trafostasjon Statnett
I løpet av siste tida har Østerbø levert liknande reservekraftanlegg til Vemorkstoppen, Hove, Røldal og no Sylling. – Slik har vi opparbeida oss god og solid kompetanse på krav og løysingar som er optimale for slik reservekraft, avsluttar Halland.
Statnett oppgraderer
Sylling transformatorstasjon i Lier kommune er eit viktig knutepunkt for strøm på Østlandet. Det foregår no ein omfattande modernisering av anlegget frå 1970-talet med planlagd ferdigstilling i 2021. Meir om dette kan du sjå på Statnett sine sider.
Kontaktperson hos Østerbø
Andre saker du kanskje er interessert i
Strømaggregat til Voss Kommune
Stort oppmøte ved overlevering av strømaggregat til Voss kommune - kjekk dag på jobb. Strømaggregatet er mobilt og skal stå som beredskap for kommunen og sørge for at Voss har drikkevatn uansett straumbrot eller flaum. Vi takkar for tilliten! Strømaggregatet på...
Reservekraft Nord Trøndelag fylkeskommune
Vi gratulerer Fylkets Hus, Nord-Trøndelag fylkeskommune med Reservekraftaggregat og takkar for oppdraget! Kjekk installasjonsjobb i samarbeid med Caverion Norge Steinkjer og FuglesangDahl. Vi kjem gjerne tilbake for fleire oppdrag i lag med slik ein gjeng!
Østerbø leverer nødstrømsanlegg til Haraldsplass Diakonale Sykehus
Nye Haraldsplass Diakonale Sykehus er under oppføring i Bergen og får toppmoderne løysing for nødstraum frå Østerbø Maskin AS. - Nødstraum på helseinstitusjonar stiller strenge krav til responstid, levering, støy og vibrasjon. Her er det avgjerande at alt fungerar...