Østerbø sitt aggregatteam har installert det første av to reservekraftanlegg til Statnett i Sylling, Lier. Leveransen er gjennom Isachsen Gruppen til sluttkunde Statnett.
År
2019
Sluttkunde
Statnett
Kapasitet
1×645 kVA + 1×500 kVA
Om leveransen
Dette er to Himoinsa strømaggregat med Iveco motor og Stamford generator. Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet. – Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av verdas største produsentar av straumaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for reservekraft til transformatorstasjonen og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin AS.
Fjerde trafostasjon Statnett
I løpet av siste tida har Østerbø levert liknande reservekraftanlegg til Vemorkstoppen, Hove, Røldal og no Sylling. – Slik har vi opparbeida oss god og solid kompetanse på krav og løysingar som er optimale for slik reservekraft, avsluttar Halland.
Statnett oppgraderer
Sylling transformatorstasjon i Lier kommune er eit viktig knutepunkt for strøm på Østlandet. Det foregår no ein omfattande modernisering av anlegget frå 1970-talet med planlagd ferdigstilling i 2021. Meir om dette kan du sjå på Statnett sine sider.
Kontaktperson hos Østerbø
Andre saker du kanskje er interessert i
Forsyner havbruk verda over med strøm
- Det er tøft å sende i veg ei levering strømaggregat frå ”der ingen skulle tru” og ut i den store verda, seier Arve Søreide, salssjef i Østerbø Maskin AS. Østerbø Maskin leverte før helga eit parti med strømaggregat til eit verft i Polen. Der skal dieselaggregata...
Unik kraftpakke til Birkeland Entreprenørforretning AS
- Dette er rett og slett «Plug and play», seier dagleg leiar Håkon Birkeland hos Birkeland Entreprenørforretning AS om løysinga frå Østerbø. Her er strømaggregat og uttak for 1000V til tunnelrigg og 400V til vifter samla i ein container, optimalisert for arbeid i...