Trygg reservekraft til viktig trafostasjon

mar 26, 2019

Trygg reservekraft til viktig trafostasjon

Østerbø sitt aggregatteam har installert det første av to reservekraftanlegg til Statnett i Sylling, Lier. Leveransen er gjennom Isachsen Gruppen til sluttkunde Statnett.

År

2019

Sluttkunde

Statnett

Kapasitet

1×645 kVA + 1×500 kVA

Om leveransen

Dette er to Himoinsa strømaggregat med Iveco motor og Stamford generator. Østerbø har levert komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet. – Sjølve aggregatet er produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av verdas største produsentar av straumaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for reservekraft til transformatorstasjonen og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin AS.

Strømaggregat lyddempa

Fjerde trafostasjon Statnett

I løpet av siste tida har Østerbø levert liknande reservekraftanlegg til Vemorkstoppen, Hove, Røldal og no Sylling. – Slik har vi opparbeida oss god og solid kompetanse på krav og løysingar som er optimale for slik reservekraft, avsluttar Halland.

Statnett oppgraderer

Sylling transformatorstasjon i Lier kommune er eit viktig knutepunkt for strøm på Østlandet. Det foregår no ein omfattande modernisering av anlegget frå 1970-talet med planlagd ferdigstilling i 2021. Meir om dette kan du sjå på Statnett sine sider.

Kontaktperson hos Østerbø

Magne Halland

Magne Halland

Leiar reservekraft

Sløvåg

M: +47 48 16 17 08

E: magne@osterbo.no

Sentralbord

Sentralbord

Østerbø

M: + 47 48 16 17 18

E: post@osterbo.no

Andre saker du kanskje er interessert i

Reservekraft Nord Trøndelag fylkeskommune

Reservekraft Nord Trøndelag fylkeskommune

Vi gratulerer Fylkets Hus, Nord-Trøndelag fylkeskommune med Reservekraftaggregat og takkar for oppdraget! Kjekk installasjonsjobb i samarbeid med Caverion Norge Steinkjer og FuglesangDahl. Vi kjem gjerne tilbake for fleire oppdrag i lag med slik ein gjeng!

Forsyner havbruk verda over med strøm

Forsyner havbruk verda over med strøm

- Det er tøft å sende i veg ei levering strømaggregat frå ”der ingen skulle tru” og ut i den store verda, seier Arve Søreide, salssjef i Østerbø Maskin AS. Østerbø Maskin leverte før helga eit parti med strømaggregat til eit verft i Polen. Der skal dieselaggregata...